I forbindelse med Dr. Bathia sin søknad om å få fortsette som lege etter fylte 70 år, har ordføraren to gonger blitt sitert i Nyss på at denne saka har Frp vore med å avgjort med sitt medlem i rekrutteringsutvalet. Den påstanden sette ordføraren fram i kommunestyret.
Dette er sjølvsagt ikkje riktig, rekrutteringsutvalet har ingen avgjerdsmynde, eller avgjerdsmyndigheit. Det ansvaret ligg heilt og fullt på administrasjonen, det må det aldri herske tvil om.
Frp sin representant vart saman med resten av utvalet hasteinnkalla til Teams-møte, der dei vart informert om at administrasjonen ikkje ville vidareføre kontrakten med Bathia. Saka var då avgjort, og utvalet hadde sjølvsagt inga avstemming i saka.
Verken Frp, eller andre politiske representantar i utvalet har med andre ord avgjort denne saka. Det blir då litt ufint av ordføraren å dytte dette utvalet framfor seg, i staden for å ta ansvar sjølv.