Basert på det eg har opplevd av konkret politikk i Stranda kommune, og samanliknar med det eg les i ordskifte i Nyss 22. Juni, reagerer eg på at det ikkje er samanheng mellom ord og handling. Då er det spesielt strandaordførar Tryggestad sitt svar til Frank Sve eg siktar til, etter at han har blitt utfordra til å svare på kvar han skal skaffe 30 millionar kroner til fv. 60 i Hornindal.

Dette greier Tryggestad ut om og understrekar at han ikkje skal bruke av kommunen sine pengar, underforstått å bruke pengar vi ikkje har! Samtidig parerer han også Sve med utsegna: «Og for dei so kjenne meg, so er det ikkje slik eg driv politikk». Denne skildringa av seg sjølv reagerer eg på, då dette ikkje stemmer med konkrete handlingar som viser at han gjerne gjer det motsette.

Det eg meiner å kjenne igjen er ordførarens sedvanlege polemikk og velutvikla politiske verbalitet når han utan blygsel forsøker å skape si «sanning» i det han «audmjukt» søkjer aksept for sine vegambisjonar i Hornindal. Ein søknad som underteikna meiner er best eigna i ein valkampanje. Dei som kjenner han? Kven er det? Kva skal ein legge i «å kjenne» den som tok og har hatt makta sidan 2011?

Han var styremedlem og «låneopptakar» i lag med sju andre styremedlemmar i Strandafjellet og altså ein sentral aktør bak då vi hamna på «Robek» sist og ein av hovudaktørane i dag. Sist fekk vi det «Stranda-fjellet» vi ser i dag. Kva set vi igjen med denne gongen når vi endå ein gong er på Robeklista?

Ein kritikar må underbygge sin kritikk. Kritikken fell på steingrunn om ein ikkje kan vise til verifiserbare døme som veljarane og Nyss kan ta omsyn til. Ordføraren selde på vegner av Stranda kommune ei tomt fellesskapet eig på Hellesylt. Dette dømet står i kontrast til ønsket om å bli oppfatta som audmjuk og tilbakehalden med fellesskapets verdiar. Denne tomta fekk han/vi 6 millionar kroner for. Fem av desse gjekk inn i eit privat prosjekt, som i tillegg låg til fylkeskommunen. På tomta låg det tunnelmasse for fleire millionar som inngjekk i prisen. Ved å undersøkje med profesjonelle som driv med slikt kan dei forklare at massen på tomta har ein antatt verdi på fleirfaldige millionar. Den eine, vesle millionen som blei igjen til strandarane hadde vore kjekt å vite kvar hamna.

Ei lettliva samanlikning med det eg sjølv driv med kunne ha lått slik: «Alle som kjenne meg, (PK) veit at eg syng reint!!». Dette ville eg hevde til det kjedsommelige uansett om alle som høyrde på meinte at det eigentleg let skikkeleg surt.

Slik er det også med eit vist antal politikarar, for all del ikkje alle, men som etter år har lært seg knepa i kva ein slepp unna med av argument berre ein tør å framføre dei. Men som gløymer at dei på liks med ein artist og på grunn av lang fartstid brått står overfor å bli vurdert av oppmerksame og kritiske tilhøyrarar.

Skulle ein politikar bevist eller ubevisst bevege seg i ei gråsone eller om ein artist syng surt vil realitetane innhente dei. Det fordrar imidlertid at både veljarar og tilhøyrarar faktisk høyre etter!