Ordførar i Fjord, Eva Hove, skriv i Nyss 6. januar at ho er skuffa over at kommunestyret i Stranda sa nei til framlegget om å løyve 250.000 kroner til eit selskap som skal jobbe for utbetring av flaskehalsane på Fv 650 mellom Viset og Sjøholt. Det er ein reaksjon eg kan forstå. Men ho meiner og at vedtaket kom overraskande. Det er det vanskelegare å forstå.

Når eit fleirtal i Stranda kommunestyre, inklusiv Hoves partifellar i Ap, stemte imot løyvinga til eit vegselskap saman med Fjord og Ålesund, er bakgrunnen ganske enkel. Stranda må i 2023 og i åra som kjem stramme inn på nær sagt alt for å få kommuneøkonomien til å gå i hop. Å prioritere tyder som kjent at noko må veljast bort.

At Høgres representantar sa nei til framlegget var og basert på ei vurdering av kva for prosjekt innan samferdsel og infrastruktur i regionen det vil vere mogleg å få realisert i overskueleg framtid. Dei vegprosjekta vi meiner er dei viktigaste for folk og næringsliv i kommunen er Fv 60 mellom Grodås og Hellesylt, ny Strynefjellsveg og Storfjordsambandet.

Fv 60 er saman med E39 den viktigaste transportåra mellom Møre og Romsdal og Vestland, men har ein standard langt under krava til ein hovudveg. Ny veg over Strynefjellet, med sidearm til Geiranger, er det viktigaste sambandet mellom aust og vest for Nordfjord, store delar av Sunnmøre og delar av Gudbrandsdalen. Difor løyvde kommunestyret 170.000 kroner til utgreiing av straumtilførsel frå Sjåk til Geiranger og Stryn. Storfjordsambandet vil ikkje berre gi ein tryggare og betre veg mellom Stranda og Sykkylven, men og korte ned reisetida til Ålesund – noko som ikkje minst vil vere positivt for utvikling av ein felles bu- og arbeidsmarknad.

Det er enno eit stykke fram til spaden vert sett i jorda for desse tre prosjekta. Men dei har det felles at dei løyser større samfunnsmessige utfordringar enn problema på Fv 650, samstundes som finansieringa truleg vert litt mindre vanskeleg å få på plass. Difor vil Stranda Høgre gå til val med eit program som prioriterer desse tre vegprosjekta.