Eldreombod Bente Lund Jacobsen spør kor lenge folk må leve i fattigdom når staten tener svært mykje pengar. Som ikkje kjem vanlege folk til gode. Ein ny type fattigdom er komen til Noreg. Eldre og vanskelegstilte svelt i eit av verdas rikaste land.

Frank Kjøde synes det er merkeleg at mange må følgje med på straumprisane om kva tid ein kan slå på vaskemaskina. Eller om det er ansvarleg å ta seg ein varm dusj. Mange forstår heller ikkje kvifor drivstoffprisane stadig når nye høgder i oljenasjonen Noreg.

Etter 15 år med vinteropphald på Gran Canaria er det vanskeleg å forstå at dei styrande i Noreg utviklar landet slik dei nemnde meiningane fortel.

Dei styrande skuldar på høg prisstigning og inflasjon. Folk må betale høge prisar med tillegg av «inflasjonsrenter» på 2-3 prosent for å få prisane nedover. Det er noko merkeleg at hundrevis av pensjonistar og folk som ikkje er skuld i prisstigningane, også må betale «inflasjonsrentene».

Vi hugsar åra under Gro Harlem Brundtland med «inflasjonsrenter» på over 8 prosent.

På den tida laga dette ingen fattige folk, slik som no.

Drivstoffprisar på Gran Canaria. Foto: Privat

Drivstoffprisane

På Gran Canaria sit gjerne folk frå mange nasjonar på utekafèar og diskuterar saker og ting. Sidan bensin og dieselprisane er på berre 15-16 kroner, ( 1,5-1,6 Euro) spør vi kva land Spania kjøper den billege oljen ifrå.

Ved informasjon om at oljen er norsk, får vi kommentar om at vi er heldige som er frå eit oljeland, der vi vel har nesten gratis drivstoffprisar. Når vi opplyser at dei norske drivstoffprisane er høgre enn dei spanske, får vi ein logisk informasjon. Høge drivstoffprisar lagar høg inflasjon via ringverknader av transportar og tenester.

«Noreg må vel då tene svært mykje pengar», fekk vi vite. Og, med auka inflasjon vert det høgre og høgre rente. Som gjev enno større inntekt til Noreg. Likevel er folk blitt fattige. Statsministeren opplyser på TV. «Det er tronge tider, men eg er viss på at vi skal komme oss ut av problema saman». Frå eit bord kjem det spørsmål om statsministeren er mellom dei fattige. «Nei, han har formue på mange millionar», informerer ein nordmann ved eit anna bord. Han vinkar på ei drosje, som tek 5 Euro, (50 kroner) til nabobyen.

Bente Lund Jacobsen og Frank Kjøde informerer om ei utvikling som ikkje kan fortsetje i lang tid utan skade for folk og samfunn.