Med Frp i regjering var ferjetilbodet utvida; ekstra ferjer, fleire avgangar og prisane gjekk reelt ned. 1. juli 2021 vart ferjeprisane satt ned 25 prosent, dette etter at både kommunane og fylka i snart 8 år hadde med borgarleg regjering fått rekordoverføringar. Aldri har kommuneøkonomien vore betre. Høge overføringar og omtrent null rente førte til svært gode tider for kommunar og fylka. Alle huskar kampen om auka ferjetilbod her i fylket, etter at Ap, Sp og resten av fleirtalet innførte Autopass, og forsøkte å auke prisane med to takstsoner. Også då var det krisemaksimering frå Sp og Sørheim godt hjelpa av Ap og fylkesordføraren. Dei reiste til Oslo og Stortinget i høyring i kommunalkomiteen, og klaga si nød som no, for «sveltefora fylkeskommunar» som Sørheim uttalte. Tidenes flauaste møringar på tinget vart resultatet når fylkesrådmannen samtidig la fram eit driftsresultat i fylket på 313,5 million kroner i overskot. Sveltefora fylkeskommune vart brått til ei smellfeit og overvektig fylkeskommune som levde økonomisk i «sus og i dus». Kva er fakta i dag? Fylkeskommunen har gått med 968,5 million kroner i overskot dei fire siste åra, altså nesten 1 milliard kroner i overskot. Likevel er det krisemaksimering i fylkeskommunen der fylkeskommunedirektøren i vant stil teiknar eit vanvittig dystert bilde på veggen for framtida. Same krisemaksimeringa som no i år, som sist år og dei aller fleste åra av dei snart 20 åra eg har vore i fylkestinget. Krise, krise, krise, og det må kuttast i ferjedrift og vidaregåande skular medan fylkesadministrasjonen esar ut som ein ballong. Med 200 millionar kroner i overskot sist år, forklar kvifor det då måtte kuttast i ferjedrifta med 24 millionar kroner?

Forklar Ap og Sp dette? Absolutt ingen forstår dette, samtidig som prosjekt etter prosjekt skal gjennomførast, koste kva det koste vil, men ferjetilbodet og næringslivet får rekninga. Med Frp til makta i fylkeskommune til hausten vil ferjetilbudet sjølvsagt ikkje bli kutta. Kvifor skulle vi nå gjere dette, når fylket vasser i pengar? Og, om Sp no endrar inntektsnøkkelen til fylka så er dette enda eit ledd i Sp og Vedum sin vanvittige distriktspolitikk. Skjer dette får vi faktisk prioritere. Då er det mengder med oppgåver og unødvendig fylkeskommunalt byråkrati som kan kuttast og nedprioriterast før vidaregåande skular og ferjedrifta kan røyvast. Dette er Frp si prioritering, ferjedrifta er vegnettet til folk flest og næringslivet her i fylket. Stoppar dette så har vi heller ikkje bruk for byråkratiet på fylkeskommunen. Dette som vi no opplever med Sp og Ap her i fylket, er konsekvensen av deira eigen fullstendig feilslåtte politikk. Det er dykkar valg. FrP prioriterar og sikrar ferjedrifta samt vidaregåande skular i fylket, og vi vil prioritere dette framfor unødvendig, kostbart fylkeskommunale prosjekt og byråkrati.