Fylket og kommunar kring Stranda går med store overskot, kompensasjonen med omsyn til korona har vore sterk og økonomien til kommunane god. Stranda derimot kuttar brutalt i eldreomsorga og har brukt opp pengane.

- 70 mill kr til brannbilgarasje i Geiranger, som kunne vore ei garasje til ein brøkdel av dette.

- 5-6 mill kr til fylkeskommunal ferjekai + tilsetting av 1 person som skal jobbe med dette, kostnad ca 1 mill kr årleg i tillegg. Ikkje kommunen sitt ansvar.

- Ca 13 mill kr i årleg eigedomsskatt er forbrukt. Men, til kva? Ivertfall ikkje eldreomsorg!

- Ca 18 mill kr i acuafond er brukt opp over tid, heller ikkje dette til eldreomsorg.

- Rekord skatteinngang frå næringslivet i kommunen, likevel klarer ikkje kommunen å styre økonomisk.

- Rekord statlige overføringar i mange år, likevel klarer ein ikkje å prioritere eldreomsorga!

Kvar har pengane blitt av, og kvifor blir eldreomsorga kutta brutalt medan administrasjonen aukar? Nye stillingar vert tilsett i andre sektorar medan eldreomsorga blir kutta brutalt, rett og slett vanvittig prioritering.

No er det dei eldre på Stranda sin tur til å faktisk bli prioritert av Stranda kommune.