Nye læreplanar, men kva med nye læremiddel?

Det er over 75.000 elevar med nynorsk som hovudmål i grunnskulen i Noreg.

Opplæringslova lovfestar at elevar i grunnskulen har rett på læremiddel på nynorsk om dei ønskjer det.

I dag er det opp til kommunar og fylkeskommunar å sikre denne retten.

Ny læreplan innført frå 2020 inneber nytt lærestoff og nye læremiddel, på papir eller digitalt. I skule-verket er tendensen klar, færre fornyar lærebøkene medan fleire digitale læringsverktøy vert nytta på skulen – så godt som berre på bokmål.

Systemet med lokalt ansvar for å sikre nynorske læremiddel fungerer rett og slett ikkje. Små kommunar blir sette til å følgje opp store kommersielle aktørar som nektar eller er svært motvillige til å tilby læremiddel og -verktøy på nynorsk. Nyleg gjorde kommunestyret i Hemsedal vedtak om å gå over frå nynorsk til bokmål som opplæringsspråk i kommunen. Ei viktig grunngjeving for vedtaket var at kommunen med dette ville spare utgifter tilsvarande 5,3 årsverk i skulen, melder Hallingdølen.

Elevar som ynskjer opplæring på nynorsk er blitt salderingspost i skulebudsjetta.

Fylkesleiaren Utdanningsforbundet i Vestland, Steinar Strømsli, meiner at Kunnskapsdepartementet ikkje tek ansvaret for at elevane får dei læremidla dei har krav på.

I ei undersøking utført av avisa Framtida, melde heile 98 prosent av lærarane at dei må ty til digitale læremiddel på bokmål som dei skulle ynskje var tilgjengeleg på nynorsk. Tidlegare har det fleire gonger vore omtalt at det finst få digitale læremiddel på nynorsk.

Dette er eit velkjent problem. Bokmålsbøker blir prioriterte, nynorskversjonen kjem lenge etter at bokmålsversjonen har kome ut.

Desse problema har skulane slite med i årevis. Dette skaper eit enormt meirarbeid for lærarane, mest av alt viser det lite forståing for nynorskelevane sin håplause situasjon.

Språklova, som gjeld frå 1. januar i år, slår fast at nynorsk og bokmål er jamstilte skriftspråk i Noreg. Den seier også at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket.

Staten må gjennom Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet ta ansvaret for å sikre læremiddel og infrastruktur på nynorsk til elevane i skulen.

Forslaget til denne fråsegna kom frå Volda Mållag og blei samrøystes vedteke på årsmøtet til Sunnmøre Mållag.