Ein blir lei og demotivert over og ikkje bli tatt på alvor. Over ei lengre tidsperiode har det vore kraftige signal om at lønnsemda i landbruket er for låg. Det har vore ei stor avskaling av antal bruk i drift. Sjølvforsyningsgraden i Noreg går stadig nedover, medan importen stadig går oppover. Bonden har fått høgare arbeidspress med auka krav til effektivitet, dyrevelferd og HMS. Tidsklemma er til å ta og føle på. På grunn av låg forteneste må mange ut i anna arbeid for å hente inn inntekt, dette til tross for at ein driv jorda til fleire gardar og har fleire dyr enn tidlegare (større produksjon). Landbruket er i stor grad styrt av rein idealisme. Kvifor er det slik?

Noreg er eit av landa i verda som har dei strengaste krava til dyrevelferd og matsikkerheit. God dyrevelferd og god oppfølginga har gitt lågt forbruk av antibiotika. Vi er det landet i Europa som brukar minst antibiotika i husdyrproduksjon. Dyr som er ute på beite på innmark og utmark har ein veldig positiv effekt på å halde kulturlandskapet vårt i hevd. Ein ser allereie at på grunn av at husdyrproduksjonen i Noreg har gått ned, så gror store delar av kulturlandskapet igjen.

I Noreg er det ein effektiv husdyrproduksjon som vil seie at vi produserer mykje mat og har lågt klimautslepp samanlikna med andre land. Kvifor skal vi då importere enda meir mat, og kutte ned på den norskproduserte maten? Import fører til enda høgare klimautslepp på grunn av transport av store mengder mat som vi kunne produsert sjølve. Landbruket er med å levere mykje tilbake til samfunnet vårt. Kvart årsverk i landbruket skapar ein til to arbeidsplassar i andre tilstøytande verksemder.

Det har vore ein ekstrem kostnadsvekst i landbruket. Dei siste åra har både maskin og reiskap hatt ei enorm kostnadsauke. I løpet av det siste året har vi også fått ei enorm kostnadsauke på innsatsfaktorane til å produsere varene, samt byggekostnadar. Dette har ført til at mange bønder i Norge har utfordringar med likviditeten. Der er ikkje pengar til å betale rekningane.

I 2019 var sjølvforsyningsgraden på 34 % på jordbruksprodukt i Noreg (Yara), dette er alvorleg lågt. Om ikkje økonomien i landbruket blir betre så blir situasjonen verre. Det er mange bønder som tel på knappane. I løpet av 2034 skal all storfe som står på bås over til lausdrift, medan det allereie tiltrer strengare krav i 2024 som fleire vil ha utfordringar med å innfri. Dette betyr at det er mange fjøs som enten må byggast om eller byggast nytt for at det framleis skal vere drift. Investeringane er kostnadskrevjande og det må vere lønnsemd i botn for at dette skal vere gjennomførbart. Dei to siste åra har vore prega av pandemi som har ført til stor etterspørsel og mangel på fleire varer på verdsmarknaden. At det no er krig i Ukraina har ikkje gjort situasjonen noko betre. Russland og Ukraina er av dei største kveiteprodusentane i verda. No står vi her med hua i handa og har ikkje ein gong beredskapslager for korn.

Det er pinleg at Norge som i 2021 scora som det tredje rikaste landet i verda, ikkje skal ha råd til å produsere og prioritere matproduksjon. Det er varsla ei stor matkrise i verda. Kva skal Norge gjere? Halde fram med å importere i frå land som sårt treng maten sjølve? Ta frå dei fattige og gi til dei rike?

I Stranda kommune var det i 2000, 156 gardbruk i drift medan i 2019 var det kunn 87 aktive gardbruk i drift. No er det på tide å vakne og ta vare på dei gardsbruka som er igjen, bonden kan ikkje leve av rein idealisme.