Sist fredag var det quiz i Storhallen og eitt av spørsmåla var kva gater som er gule i Monopol. Mitt monopolspel er nokre tiår gamalt, faktisk frå like etter midten av siste hundreåret i det forrige tusenåret. Og der er Trosterudvegen, Pilestredet og Sinsen gule, ikkje grøne som på nyare spelebrett. Dei grøne gatene på brettet mitt er Nedre Slottsgate, Trondheimsveien og Nobels gate.
Tvetydige spørsmål bør ein unngå. Men quizen under Sykkylvsdagane var og er moro, lell!