Ja, etter budsjettframlegg og økonomiplan kan det sjå slik ut.

Når Formannskapet ikkje makter å gjennomføre ei heilt nødvendig omstilling av den totale drifta av Stranda kommune, bestemte vår ordførar å tilføre fersk utbyttekapital på tjueseks millionar kroner til direkte drift av kommunen, dette for å prøve å oppnå balanse i 2023 budsjettet.

Jau det vart framlagd forslag frå FRP som vart referert i NYSS, på å omstille drift til eit meir forsvarleg nivå , men dei 12 forslaga til økonomisk rasjonalisering falt. Tryggestad med dei andre partia vil forsette vidare på sin uansvarlege økonomiske veg.

Dette kjem sterkt til syne i økonomiplanen til Tryggestad for åra 2024 – 2026. Der  behovet for å oppretthalde denne uforsvarlege drifta i Stranda kommune, krev frisk ekstra kapital på større en førti millionar kroner i 2023, og i kvart av dei påfølgjande åra. Kvar skal vi hente dei ? Eg fekk i alle fall svar på kvar ein betydeleg del  av skattepengane våre går til, pengar som vi innbyggar har ei legitim forventning til blir forvalta på ein framtidsretta og fornuftig måte av oss som er politikarar i Stranda kommune.

Dette viser at det må kraftigare lut til i økonomistyringa i Stranda Kommune. Ei endå meir rasjonell drift, fokus på å skaffe oss fleire inntekter,  sentralisering av skule og eldreomsorg samt gjennomgang av Kommunestruktur er løysingar ein må greie ut for å få økonomien i Stranda Kommune i gjenge.

No har Tryggestad med sine bestemt korleis innbyggarane og dermed våre sine pengar skal brukast dei komande åra, 484 millionar kr årleg i Stranda Kommune strekk ikkje til, nei Tryggestad manglar 50 millionar årleg for å stette sin ikkje berekraftige visjon der framme.

Uansett budsjett, pluss og minus står også vi politikarar framfor julehøgtida. Kanskje vi då i staden for den tradisjonsrike julematen etter kommunestyremøtet, heller kunne krysse gata til ei pålagd julegudsteneste i Stranda Kyrkje, der vi samla kunne synge med vår nystemte innestemme, og lurt oss til ei stille bøn om budsjettet. God Jul!