Vi les i Nyss at stadig fleire næringar slit med å skaffe tilstrekkeleg arbeidskraft. Dette er ei utvikling vi visste ville kome, som omfattar heile landet (eigentleg heile Europa) og som vil forsterke seg i åra som kjem.

Forgubbing og sentralisering

Vi må erkjenne at vi ikkje har nokon "quick fix". Problemet er at fødselstala (og dermed ungdomstala) går ned, medan behovet for nyrekruttering i arbeidslivet aukar fordi mange nærmar seg pensjonsalder. Utkantane er i tillegg råka av ein sentraliseringstrend, som omfattar ungdom heilt ned i vidaregåande alder. Det har lenge vore slik at stort sett berre lokal ungdom søker seg til dei vidaregåande skulane i distrikta. Og medan ein del distriktsungdom søker seg til byskulane ser vi i mindre grad det motsette. Dette ser ut til å vere ein like tung trend å snu som at ungdommane frå distrikta, når dei blir litt eldre, i større grad søker seg til sentrale byområde i Noreg enn omvendt.

Løysinga er samarbeid

Stranda vgs. og Hofseth gjekk saman om å etablere og utvikle eit utdanningstilbod i naturbruk/akvakultur frå skuleåret 2022/2023. Vi har heilt frå starten hatt ei felles forståing om at Hofseth skulle bidra i samarbeid med skulen til den praktiske opplæringa allereie frå første skuleåret (Vg1). Vidare var vi samde om at Hofseth skulle vere med på marknadsføringa av tilbodet. Før søknadsfristen, både i 2022 og 2023, fekk elevar i 10. klasse frå Fjord, Stranda og Sykkylven høve til å besøke anlegga til Hofseth i Storfjorden, og mange blei begeistra. Tilbakemeldingar frå elevane våre som går Vg1 naturbruk no, er at dette var avgjerande for at dei faktisk søkte dette tilbodet. Komande skuleår vil vi ha fulle klasser i både Vg1 og Vg2, med ungdommar som i stor grad ser føre seg ei karriere i oppdrettsnæringa.

No er det slett ikkje sikkert at ein vil ha like stor suksess med andre tilbod, men eg tenker uansett at utvikling av nye og etablerte utdanningstilbod må skje i eit tett samarbeid mellom dei vidaregåande skulane og næringslivet.

Skal vi lukkast med å halde på ungdommen, må vi satse på gode og attraktive utdannings- og arbeidstilbod (ja, dette heng sjølvsagt saman). Dette må kommunane, dei vidaregåande skulane og næringslivet samarbeide om. Blir vi sitjande å peike på kvarandre, eller satse meir på konkurranse enn samarbeid, taper vi alle saman. Både Sykkylven og Fjord har velfungerande næringsforum og eg ser no med optimisme på etableringa av eit slikt forum i Stranda. Eg meiner likevel at vi må tenke enda vidare. Indre Sunnmøre, med Sykkylven, Stranda og Fjord, har mykje å tene på å trekke i lag. Målet må vere at dei unge blir klar over verdiane ved å bu i distriktet vårt, og at vi i fellesskap er attraktive. Då må vi starte tidleg, heilt ned i barnehagen, og tenke langsiktig omdømebygging meir enn kortsiktig marknadsføring. Det er ikkje lett, det vil krevje mykje arbeid, men eg er optimist.