Takk til Liv Johanne Ørjasæter Solhaug som har engasjert seg i saka om bortfall av tilbodet om legeteneste ein dag i veka i Hellesylt og Geiranger, og som i Nyss svarer på innlegget mitt om at vedtaket i kommunestyret var «Upopulært, men naudsynt».

Forslaget om å legge ned kontordagen i dei to bygdelaga kom frå legetenesta sjølv på oppdrag frå rådmannen. Bakgrunnen var at dersom ein skulle drifte dei kommunale tenestene i 2023 på same nivå som 2022, så mangla vi over 40 millionar kroner. Alle einingane i kommunen fekk bestilling frå politisk hald om å skjære sine budsjett inn til beinet, og resultatet vart ei innsparing på ca. 14 millionar kroner. Eitt av dei innspelte tiltaka var bortfall av kontordagen i Hellesylt og Geiranger.

Det vi i Stranda Høgre tok til motmæle mot i mitt førre lesarinnlegg, var å endre på eit budsjett som framleis ikkje er i balanse. Kommunen må minst kutte 3,5 millionar kroner til, og vi har grunn til å tru det må kuttast monaleg meir, etter dei signal ordførar Jan Ove Tryggestad kom med på sist kommunestyremøte.

Vi er kjend med at innbyggarar og organisasjonar i Hellesylt vil støtte drifta av legekontoret ein dag i veka, og den politiske handsaminga av saka er derfor utsett. I Stranda Høgre skulle vi helst sett at vi hadde råd til å sikre tenester i alle bygdelag, men situasjonen er at kommunen har fått lågare inntekter mellom anna fordi vi har mist om lag 200 innbyggjarar dei siste fire åra. I tillegg har renteauken ført til at netto rentekostnader har gått opp frå i underkant av 8 millionar kroner i 2021, til over 30 millionar kroner i år. Sjølv om vi har von om å snu folketalsutviklinga, kan det ta tid. Vi kan derfor ikkje halde fram med å bruke pengar kommunen ikkje har, korkje til legetenester eller anna.

Vi veit at statsbudsjettet er underfinansiert med tanke på for lav inflasjonsgrad, vi har fått signal om at det kan kome meir pengar i revidert nasjonalbudsjett. og har vi høve til det vil vi gjerne auke tenestene i bygdelaga.