Som dei fleste har fått med seg har Stranda kommune diverre igjen vorte innmeldt i Robek (Register om betinget godkjenning og kontroll), vel tre og eit halvt år etter at vi klarte å kome oss ut i 2019.

Dette medfører at kommunen er underlagt statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. Det skal og lagast tiltaksplan(ar) som sikrar at økonomien kjem i balanse. I praksis betyr dette at Statsforvaltaren vil halde si klamme hand over kommuneøkonomien, og vi vil få særs lite handlingsrom.

På nyss.no 11.03 er ordførar Jan Ove Tryggestad mellom anna sitert på at han har «god tru på at kommunen skal kome inn på rett spor att slik vi får lagt fram eit budsjett i balanse innan fristen i mai». Det vil og vere Høgre sitt mål. Vi er likevel djupt bekymra for at fleirtalet i kommunestyret ikkje har forstått alvoret i den økonomiske situasjonen kommunen har hamna i, og ikkje vil ta dei naudsynte grepa for å få oss ut av uføret. Dei innsparingane vi no må vedta vil få konsekvensar for kommunen sine tenester i alle bygdelag. Stranda kommune har omstillingsbehov på fleire titals millionar kroner.

Vi meiner det har vorte gjort altfor lite, for seint, over lang tid, for å ta tak i dette. Det er ingen ny situasjon at Stranda har høg lånegjeld, og at renteauke, fråflytting og reduserte rammeoverføringar trugar økonomien.

Stranda Høgre har i inneverande periode vore med på dei fleste vedtak i kommunestyret. Men vi har gang på gang gjeve uttrykk for at kommunen ikkje kan bruke pengar vi ikkje har, seinast i saka om utekontor for legetenester i Geiranger og Hellesylt. Det dummaste politikarane kan gjere no er å bagatellisere situasjonen. Då kjem vi oss aldri ut av Robek.

Om seks månader er det kommuneval. For Stranda vert det viktig at kommunen får eit politisk fleirtal som forstår alvoret, sikrar ansvarleg økonomisk styring, og som har evne og vilje til å gjennomføre endringar for å sikre ei berekraftig og framtidsretta drift av kommunen vår.