Reaksjonane har vore sterke i bygda etter eit orienteringsmøte for bebuarar på Solbakken og deira pårørande, om nedtrapping/nedbygging av institusjonen. Dette vart også hovudtema på eit folkemøte om helse og omsorg, som Stranda kommune inviterte til på Storfjord Kulturhus 27. juni. At temaet Solbakken framleis er høgaktuelt, kom også til uttrykk gjennom den store oppslutninga, noko som tydeleg overraska (!) arrangøren. Ekstra benkerader måtte til for å gi plass for alle.

Bakgrunnen for at skjebna til Solbakken er usikker, og framleis vil vere det i lang tid, er: Bygningen er gammal og nedsliten. Kommunen har i fleire år hevda at institusjonen er i ferd med å bli lagt ned. Men det er like uvisst i dag om det vil bli satsa på nybygg.

No er 17 omsorgsplassar i bruk. På det før omtalte orienteringsmøtet, arrangert av Stranda kommune, vart det sagt at innan utgangen av 2023 – altså komande år – skal nedtrappinga vere fullført. Bebuarane vil få tilbod om bualternativ, men der kom ingen lovnad om korleis dette vil bli ordna.

Reaksjonane let ikkje vente på seg.

Så til det konkrete i saka.

Ingen veit kva alternativet til Solbakken vil vere. Heller ikkje for kommunen. Rett nok vart folkemøtet gjort kjend med, frå ordføraren, at der vil kome eit svar «i løpet av hausten». Kommunen vil ikkje mangle tomt, dersom kommunestyret vel å satse på bygging, i fylgje ordføraren.

Sikkert er det at eit eventuelt nybygg først kan vere klart for innflytting først om fleire år, fekk vi vite. Kanskje så lenge som 10 år. Der er også ei anna side ved ei eventuell utbygging; har kommunen økonomi til å starte prosjektarbeidet? Heller ikkje her var svaret klart.

I håp om å dempe gemyttane vart det slått fast som sikkert, både av ordførar og rådmann, at det ikkje er slik at kommunen vil legge ned Solbakken i løpet av 2023. Det har aldri vore på tale, fekk vi vite. Tvert om hevda dei at dette ikkje har vore, eller er eit aktuelt tema. Likevel var dette eit tema på det mykje omtala orienteringsmøtet på Solbakken for bebuarar og pårørande.

Spørsmålet vi sit att med er:

Kvifor kunne kommunen hevde at institusjonen Solbakken ville bli lagt ned frå 2023, medan det motsette vart slått fast på folkemøtet på Kulturhuset? Svaret – forklaringa – bør kome.