Det er udiskutabelt at for kvar krone ein investerer i til dømes brannbilgarasje i Geiranger eller andre tiltak no, så bit ekstra renter og avdrag kommunen i baken.

Kommunen har ikkje ei einaste krone no til investeringar utover sjølvkostområda vatn, avløp osv.

Så enkelt er det berre!

Stein Lystad er nok av dei meir seriøse og ryddige i SP, og eg veit at han gjer så godt han kan.

SP har no snart styrt i 12 år, og det er slett ikkje investeringar som skjedde før dette som er problemet no, snarare tvert imot.

Stein Lystad veit så inderleg vel at berre eigedomsskatten frå Strandafjellet står for mellom 8-10 millionar kroner i året. Aktiviteten og det Strandafjellet legg igjen i kommunekassa er vidare beregna til mange titals millionar kroner per år meir enn kostnadane for dei beløpa som står igjen i lån ang utbygginga der.

Utan dette, Stein Lystad, så hadde kommunen måtte kutte fleire titals millionar kroner meir i dagens budsjettprosess, dette trudde eg faktisk Lystad hadde fått med seg.

No dreiar det seg om å få budsjettet i havn og det er faktisk mulig. Men, då må ein prioritere vekk det ein ikkje trenger og som kommunen ikkje skal drive med.

Absolutt alle investeringar må no stoppast, og Stein Lystad, dette gjelder også tiltak i di eiga bygd Geiranger.

Dei 5-6 millionar kroner i aksjekapital i prosjektet om bygging av fylkeskommunal ferjekai på Hellesylt, veit eg at investorane har tilbydd seg å betale tilbake til kommunen.

Desse pengane treng kommunen til eldreomsorga og andre tiltak no.

Likeså må vi bygge opp att Stranda Energi as med nytt styre og administrasjon som faktisk ynskjer å utvikle dette «arvesølvet» til det beste for eigaren som er Stranda kommune.

Dette vil gje kommunen svært store inntekter framover no når eit samrøystes kommunestyre har beslutta å eige Stranda Energi as vidare inn i framtida.

No gjelder det å gjennomføre varige kutt og dimensjonere drifta i kommunen bærekraftig for framtida, lettvinte forhasta handlingar hjelper ingen akkurat no.

Derfor håpar eg at Stein Lystad til dømes instruerar sin eigen ordførar til å faktisk ha respekt for eit samrøystes kommunestyrevedtak og at ein faktisk har respekt for spelereglar i eit demokrati.

Vi i FrP skal samarbeide med seriøse politikarar slik som Stein Lystad, og vi trenger eit politisk samarbeid no.

Då blir mitt spørsmål om Stein Lystad og SP har tenkt å stille sjå på at til dømes styreleiaren i Stranda Energi as åpenlyst kritiserer i media og i brev eit samrøystes kommunestyre, der ordføraren tydeligvis står bak styreleiaren.

I alle andre bedrifter ville dette ført til avskjed for styreleiaren med umiddelbar verknad pga totalt illojalitet mot ein samla eigar, at ordføraren har same haldning får SP og Stein Lystad ta ansvaret for å rydde opp i eigne rekker.

Stranda kommune må faktisk ha ein ordførar som har tillit til sitt eige kommunestyre, og er lojal mot dei lovleg fatta samrøystes vedtak som er fatta av kommunestyret.

Dersom det skal vere slik som no, der ordføraren setter rådmannen og heile administrasjonen til side, og tek sjølv som ordførar over rolla som saksbehandlar, rådmann og lagar eiga sak til kommunestyret som i realiteten er ei direkte lyskespark mot det samla kommunestyre kollegiet, blir dette alt anna en demokrati.

Ta ansvar no Stein Lystad og fei for eiga dør, så skal vi i FrP fortsette det gode samarbeidet med deg og andre både i utval, formannskapet og kommunestyret.