Drifta til Stranda kommune gjekk på eit gigantisk minus i 2022, med heile 13.137.929 kroner.
Brutale kutt innan pleie og omsorg vart løna med fullsett kulturhus i møte ang. dei store kutta, med massive protestar frå dei eldre og pensjonistlaga. Og, verre skal det bli.
I budsjettet for dette året kan vi lese at i til dømes Ringstad skule står følgjande sitat: «Kvalitet på tenesta vil gå ned. SFO vil måtte avvise barn som har behov for plass. Skulen har framleis avvik som går på vald og trakassering, både overfor elevar og tilsette. Lågare bemanning vil ha ei påverking på stressnivå for tilsette og elevar. Det vil også føre til fleire enkeltvedtak om spesialundervisning. Dette er vanskeleg å anslå på grunn av at vi har mange tilsette i langtidssjukmelding/på arbeidsavklaring».
Dette er dramatiske ord, og slett ikkje noko som berre kan passere heilt utan vidare.
At det er store problem med drifta når så store kutt vert gjennomført er openbert, men vald og trakassering må takast på det største alvor. Likeins arbeidsmiljøet for både lærarane og elevane.
At einingsleiaren for Ringstad skule heller er opptatt med å forsvare denne elendet i Nyss, gjer meg verkeleg betenkt. Her burde alle krefter arbeide ilag for at barna som veks opp i Stranda kommune har ei trygt og godt læremiljø, med tilstrekkelege ressursar. Då får kommunen heller prioritere ned andre område slik som heilt vanvettige brannbilgarasjar og fylkeskommunale ansvar innan kaier.
Kven står opp for barna på Ringstad skule, når til og med einingsleiaren angrip det einaste politiske partiet som faktisk ynskjer å prioritere barna høgare?
Stranda er i ein vanskeleg situasjon, og dette må løysast gjennom varige grep og endringar i struktur.
Samanslåing med andre kommunar er heilt uunngåeleg, og samling av tenester blir også heilt nødvendig også med bakgrunn i manglande menneskelege ressursar i ulike tjenetser.
Frp har peika på mange alternativ av tiltak som ville ha gjeve varig effekt, heile 12 store og varige tiltak men for døve øyrer.
Eg oppmodar foreldre i Stranda om å ta tak og engasjere seg mot desse vanvettige kutta og nedbygginga av skule og SFO i Stranda.
Når dei som har ansvaret for å drive desse skulane og SFO ikkje tar dette i forsvar, så må andre faktisk gjere dette.
Barn og unge er det viktigaste vi har, og dette både skal og må prioriterast sterkare.