Med SV i fire nye år i Sykkylven

Kva handlar kommunevalet 2023 om?

Det handlar om dei store utfordringane i vår tid er klimakrise, miljøendringar og aukande ulikskap i samfunnet. Vi vil at Sykkylven kommune skal vere med på å trekke verda i ei meir miljøvenleg og klimavenleg retning. Vi må også kjempe for å styrke velferda, avskaffe fattigdom og arbeide for eit ope og inkluderande samfunn.

Sykkylven SV vil at born og unge i Sykkylven får ein enno betre kvardag i 2027 enn i 2023. Vi vil at dei eldste blant oss ser fram til kvar dag, at dei tilsette i kommunen opplever tillit, og medverknad i eige arbeid. Sykkylven skal vere ein del av det globale arbeidet det er å ta vare på klima og naturmangfald.

Tre hovudområde vi vil prioritere dei komande åra:

● Sykkylven skal framleis ha ei god, trygg helse- og omsorgsteneste

● Sykkylven skal vere ein god kommune å bu, jobbe, lære og vekse opp i

● Sykkylven skal bli ei miljøkommune å sjå opp til

SV meiner at vi framleis skal vere eigen kommune.

Ei god og trygg helse- og omsorgsteneste

Vi har ei god helse- og omsorgsteneste, men dei næraste åra vil vi få nye utfordringar. Vi blir fleire eldre i Sykkylven, og behovet for tilbod for menneske med sjukdomar som demens, vil auke. Samstundes må vi ikkje gløyme dei unge mellom oss som også har trong om god omsorg. BUAS må utviklast til det det er tenkt å vere, eit godt bu- og aktivitetssenter.

● Bygge fleire omsorgsbustader – også for ungdommar

● Sikre ei god og trygg heimeteneste

● Fleire lærlingeplassar for ungdom

Eit moderne helse- og legesenter, med fleire helse- og legetenester under eitt tak, vil vere navet i ei god og trygg helse- og omsorgsteneste. Eit senter med tverrfagleg samarbeid, og med høg fagleg kompetanse og høgt fagleg nivå, vil hjelpe i arbeidet med å rekruttere medarbeidarar.

Ein god kommune å bu, jobbe, lære, vekse opp i

Sykkylven skal vere ein god stad å vekse opp, gå på skule, arbeide og ha fritid. SV vil arbeide for vidare opprusting og utsmykking av kommunesenteret Aure.Tettstadsutvikling handlar og om historisk vern av bygningar, og historie og lokale stadnamn som har stor verdi for trivnad og identitet. Det handlar om vedlikehald av offentleg eigedom, og å skapa møteplassar for innbyggjarane.

● Handlingsplan mot fattigdom

● Ein trygg og god oppvekst for alle born i kommunen

● Ein god skule med tilgang på gode ressursar som sikrar god læring

● Støtte opp om alle tiltak som skaper opplevingar og aktiv fritid i kommunen vår

● Sikre gode vilkår for eksisterande næringar, og skape nye næringar

Ein miljøkommune å sjå opp til!

Sykkylven er i dag ei av dei lavaste rangerte miljøkommunane i Norge. Sykkylven kommune skal bli ei klimanøytral kommune innan 2030.

● Arbeide for landskap- og naturvern

● Handlingsplan mot plastforsøpling

● Lage ein plan for ein meir miljøvenleg kommunal bilpark

● SV seier nei hyttebygging i sårbare naturområde

● SV vil sikre allemannsretten - fjell og sjø for alle!