Svindyrt RO prosjekt har pågått i årevis utan resultat, og no har SP og AP fjerna tilskotsordninga på 55% til sjukeheimsbygging, og Stranda kommune er sjakk matt.
I 2019 vedtok kommunestyret ordre til rådmannen om å setje igang bygging av nye Solbakken og ny sjukeheim.
Pr i dag står vi fortsatt heilt utan oppstart av dette, Solbakken bygget er ikkje ein dag yngre og ein har ikkje verken starta opp prosjekt for nybygg eller forprosjekt.
SP og AP i regjering har fjerna støtteordninga på 55% til sjukeheimsbygging, noko som gjer at Stranda kommune sjølvsagt er sjanselause til å kunne bygge nytt omsorgssenter.
I mange år har ein drevet med det aldeles meiningslause RO prosjektet ang pleie og omsorg i Stranda kommune, over 3 million kr er brukt totalt utan resultat.
Eg har kjempa imot dette vanvittige RO prosjektet, som kun har framstått som eit gedigent sugerør inn i kommunekassa.
No står ein der, med ei gedigen eldrepolitisk skandale i Stranda.
Mange million kr er brukt, haugevis med administrative timar har gått med, timar som hellet kunne vore brukt på eldreomsorga og pleie.
Kva no ordførar?
Er det fortsatt viktigast med bygging av fylkeskommunal ferjekai og brannbilgarasje mm i Geiranger?
Når har rådmannen og ordførar med resten av Senterpartiet tenkt å gjennomføre kommunestyrevedtaket om utbygging av nye Solbakken frå 2019?
Er dei eldre i Stranda tettstad null vert for SP og ordføraren?
Det er nytt kommunestyrevalg neste haust, og då har SP vel fortjent å bli fint og pyntelig geleida ut av kommunestyresalen.