Fyrst av alt: Takk for at de stiller spørsmål til lokalpolitikarane og dei politiske partia i kommunestyret. Dette har tydelegvis sett fart i interne diskusjonar i dei ulike politiske partia, noko iveren etter å svare tydeleg viser. slik er det også i Sykkylven arbeidarparti.

For oss er det innleiingsvis viktig å slå fast at vi ynskjer eit kommunalt legesenter. Dette stemte vi for i lag med alle parti i kommunestyret (berre 2 einskildrepresentantar stemte mot). Vi er også samde med resten av partia om at legane som er knytte opp mot det kommunale legesenteret sjølve skal få velje om dei vil vere kommunalt tilsette eller sjølvstendig næringsdrivande. Når det gjeld resten av historia om legesenteret, er denne grundig gått gjennom i tidlegare svar, og det er berre å stadfeste at det var dette som hende.

For oss i arbeidarpartiet er det ikkje fortida (som ikkje kan endrast) som er viktig, men korleis vi kjem oss vidare inn i ei betre framtid. Vi stiller oss bak den vedtekne legeplanen (8 fastlegar og 1 LIS-lege), som vil gjere at alle innbyggjarar vil kunne få fast fastlege, og at legane får ei forsvarleg mengd med pasientar på listene sine.

For å få til dette må vi:

1. Slutte opp om det gode rekrutteringsarbeidet som no vert drive i samarbeid mellom administrasjon og politikarar (alle dei største politiske partia er med i rekrutteringsutvalet).

2. Arbeide for å gjenopprette tilliten mellom dei legane vi miste ma. til Stranda og dagens kommuneleiing slik at vi kan lette rekrutteringsarbeidet.

3. Få til eit framtidsretta legesenter med moderne lokale og god plassering i staden for det tronge og utdaterte legesenteret vi har i dag.

4. Framsnakke Sykkylven legesenter og Sykkylven kommune slik at framtidige søkjarar vert freista til- og ikkje skremde frå å bli fastlegar i Sykkylven.

Løysinga ligg i framtida, ikkje i fortida.