Sykkylven Venstre er genuint opptatt av bygda og innbyggarane sine. Vi ser framover, ser moglegheiter framfor begrensningar, er «open minded» og rause. Sykkylven Venstre er på lag med folket, og lokalprogrammet vårt er gjennomsyra av trivsel og bulyst for alle i Sykkylven kommune.

Her er nokre av dei politiske prioriteringane vi vil jobbe for i komande periode.

Bulyst

Vi vil sikre at Sykkylven skal vere ein attraktiv stad å bu på.

Derfor vil vi:

  • Legge til rett for tilflyttarar gjennom å etablere attraktive tomter for husbygging

  • Ha utvida opningstider på barnehagar og SFO som er tilpassa lokale arbeidsplassar

  • Jobbe for eit meir levande sentrum og prøve å bidra til å få eit breiare utvalg av butikkar og tilbod.

  • Lage og gjennomføre ein god og framtidsretta plan for det resterande arealet i sjøfronten.

Naturvennleg kommune

Vi vil sette naturvern høgt på agendaen og stille krav til ei miljøvenleg kommunedrift. Derfor vil vi:

  • Jobbe vidare med planen om å få ført kloakk og avløpsvatn frå fjellsætra ferdig rensa til sjø, slik at vi kan bevare fjellsætra som den perla det faktisk er.

  • Sjå på bruken av fjellseterområdet og korleis vi best mulig kan legge til rette for utviking, samtidig som vi vernar naturen.

  • Selge eller rive gamle kommunale bygg for å redusere unødvendige løpande kostnader og av hensyn til miljøet.

Skule og oppvekst

Kvaliteten i kommunale og private skulane og barnehagane er det som er viktig, ikkje kven som driv eller eig dei. Derfor vil vi:

  • Sikre lovpålagd symjeopplæring og bygge ut tilbodet om symjeopplæring for alle. Vi vil jobbe for å komme i gang med bygging av ein ny svømmehall.

  • Behalde og utvide tilbodet med «uteskulen» og Inn-på-tunet løysingar på barne- og ungdomstrinna.

  • Sjå på moglegheita for etablering av folkehøgskule med vekta skaparglede/gründer, møbelindustri og friluftsliv

  • At skulen skal gi elevane nye og oppdaterte lærebøker på barne- og ungdomstrinnet

  • Redusere skjermbruken på skulen

Næringa

Vi skal vere ein ja-kommune med raud løpar-filosofi. Dei som vil starte eller utvide verksemd, dei skal vi heie på.

  • Vi ønskjer ikkje eigedomsskatt på næringseigedom

  • Legge spesielt til rette for lokale gründarar som vil skape nye arbeidsplassar.

  • Samarbeide tett med lokale aktørar som t.d. Sykkylven Næringsutvikling, Industrilaget og Handelsforeninga.