Med digitaliseringa av samfunnet kjem det også eit ansvar for at alle kan ta del i moglegheitene det gir og for gode alternativ for dei som ynskjer og har behov for det. Sjølv om Noreg er eit av dei mest digitaliserte landa i verda, er det likevel mange som finn det krevjande å nytte digitale tenester. Anslagsvis 600 000 i Noreg har det ein omtalar som låg digital kompetanse. Alle har krav på å kunne nytte offentlege tenester. Desse skal også få ta del i samfunnet på lik linje som alle andre. For mange som slit med å bruke digitale løysingar kan dei kommunale Digihjelp-tilboda og ideelle tiltak som Seniornett ha stor betydning. Samstundes skal dei som ynskjer framleis kunne få post frå det offentlege på papir, og regjeringa har nett sendt ut forslag om å styrke forbrukarane sin rett til å betale med kontantar. For at innbyggarane skal kunne delta i samfunnet, også digitalt, er det viktig at vi tilbyr gode digitale løysingar som brukaren klarar å bruke. Mange med svake digitale ferdigheiter er avhengige av at nettsidene har ein god og oversiktleg struktur, for eksempel med tydelege knappar og ei logisk oppbygging.

Sidan 2013 har det blitt stilt krav om at alle nettstader, appar og automatar skal vere universelt utforma. Dette inneber mellom anna at lyd på video og podkastar skal tekstast, slik at også personar med nedsett høyrsel skal få tilgang til innhaldet. Vidare skal tekst utformast på ein slik måte at personar med nedsett syn kan få det lest opp maskinelt.

No stiller vi ytterlegare krav til appar og nettstader som høyrer til kommunar, fylkeskommunar og statlege verksemder. Desse krava gjer at personar med ulike funksjonsnedsetjingar får lik tilgang til innhaldet på nettstader som andre.

I tillegg innfører vi ein «digital helsesjekk»: Alle offentlege verksemder skal frå neste år gjere opp årleg status for i kva grad nettstadane deira oppfyller dei tekniske krava som sikrar at alle får tilgang til, og kan bruke nettstaden. Status for denne digitale helsesjekken skal oppsummerast i ei tilgjengelegheitserklæring som skal ligge opent på nettstaden.

I tillegg til å gje informasjon om status for universell utforming, gir tilgjengelegheitserklæringa deg som brukar moglegheit til å gje verksemda direkte tilbakemelding på kva som fungerer og ikkje. Har du for eksempel opplevd at du ikkje kan bruke kommunen sitt skjema for digital byggjesøknad fordi det ikkje er tilgjengeleg med tastaturnavigasjon? Eller har du kanskje ikkje fått med deg innhald i ein informasjonsvideo fordi han ikkje er teksta? Då har du avdekka brot på regelverket om universell utforming av IKT, og bør melde frå til den som eig nettstaden. Eg oppmodar alle til å bruke denne tilbakemeldingsfunksjonen viss de ikkje får tilgang til innhaldet på ein nettstad. Informasjon og tenester i det offentlege Noreg skal vere for alle, også digitalt.