Korleis kunne brannbilgarasje i Geiranger og fylkeskommunal ferjekai bli prioritert, med 13/14 million kr i minus i 2022, inndekkingsbehov på 26 mill kr i 2023, samla snart 40 mill kr som skal dekkjast inn.

- Er det nokon heime? - Har Stranda kommune hatt ein ansvarleg rådmann? - Har nokon vore til stades i kommunestyret?

Eg berre stiller spørsmålet.

Korleis kunne nokon, rådmann, ordførar, eit fleirtal i kommunestyret, prioritere investeringar i 70-80-90 millionsklassen utan ei einaste kr som faktisk kunne brukast til dette?

Kommunen må i budsjettet dei neste 3 vekene finne inndeling på omlag 40 mill kr.

Dette er også summen fleirtalet gira opp driftsnivået med i Stranda kommune i budsjettet til 2019 og 2020, som underteikna på vegner av Frp stemte imot og hadde protokolltilførsel på.

Tidligare økonomisjef var klokkeklar på at dersom Sp og fleirtalet auka driftsnivået utover 2018-nivået, ville ROBEK banke raskt på døra.

Sp og fleirtalet auka driftsnivået med sa 35 mill kr, varig frå 2021 som «bit kommunen bak» akkurat no.

No nyttar ikkje lettvinte løysingar, men varig reduksjon, og rasjonalisering av drifta må til.

Når kommunen køyrer traktorane sine til Volda/Ørsta for å skifte dekk, istaden for å forespørre lokale leverandører i Stranda, forstår alle problemet.

Det er grunnleggjande holdningsproblem i kommunen, der det ser ut til at arbeidstida ikkje betyr noko som helst, ein har nå løna likevel.

Derfor er serviser i Ålesund, brukar heile arbeidsdagen på traktortur osv, synonymt med at ein ikkje bryr seg om kommunen og skattebetalarane sine pengar.

Kommunen må innføre total investeringsstopp.

Investeringar i 2023 med nye lån på ca 60 mill kr har rett og slett ikkje kommunen pengar til, då blir det mange nye millionar å dekke inn i renter og avdrag.

Alle konsulentstillingar må kuttast umiddelbart, og stopp av uvettig konsulentbruk slik som RO prosjektet som har kosta kommunen meir enn 3 mill kr.

Kommunen må prioritere pleie og omsorg, skule og barnehage og sjølvkostområda på teknisk. Utover dette må det kuttast der det kuttast kan.

Steinar Aanning frå Frp har kome med mange konkrete forslag som må vurderast. Vi skal være konstruktive i opposisjon men då må faktisk ordførar lytte.

No er tjenester til våre eldre i kommunen viktigare enn «signalbygg» med brannbilgarasje i Geiranger og fylkeskommunal ferjekai i Hellesylt.