Sykkylven Høgre ønsker moglegheiter for alle. Vi trur at kvar enkelt av oss ønsker å bidra, og det er samfunnet si oppgåve å legge til rette for det. Vi trur på alle oss som bur her: på enkeltmenneske, familiane, lokalsamfunnet og på den enkelte sitt initiativ i næringsliv og frivilligheit. Fellesskapet blir sterkare med friheit og ansvar, og når avgjersle blir tatt nærast mogleg den det gjeld.

8 grunnar for å stemme på oss:

Ein oppvekst med meistring og læringsglede

Lærarane er viktige for borna si læring, dei må ha tid til å sjå kvar enkelt elev for å gi tilpassa undervisning. For å sikre dette, ønsker vi to pedagogar i kvar klasse på dei lågaste trinna på barneskulen. Vi ønsker at nytt kommunalt symjeanlegget i sentrum-Alpebadet-blir realisert.

Heilskaplege helsetenester – ei trygg og verdig eldreomsorg

Høgre vil ha ei god og verdig eldreomsorg med fleire og meir differensierte tilbod til personar med demenssjukdom. Vi vil at talet på plassar i sjukeheim skal dimensjonerast utifrå behov. Pårørande gjer eit viktig arbeid, og vi vil at kommunen skal utarbeide ein Pårørandeplan. Høgre vil arbeide for å sikre ei framtidsretta og fagleg sterk legeteneste. Målsettinga er å få på plass eit distriktmedisinsk senter.

Berekraftig kommuneøkonomi utan eigedomsskatt

Vi vil fortsette det arbeidet vi har gjort dei siste 4 åra med å halde eigedomsskatten så låg som mogleg. Høgre vil på sikt fjerne eigedomsskatten, og vi støttar ikkje eigedomsskatt på næring. Vi ønsker å utgreie moglegheita for å redusere den kommunale delen av formueskatten i Sykkylven.

Skaparglede – næringsvennleg kommune

SNU er næringsavdelinga til kommunen der lokalt næringsliv også er eigarar. Samarbeidet er ein viktig suksessfaktor for utvikling av eit sterkt næringsteam.

Førebygging, inkludering og rask psykisk helsehjelp

Vi vil ha fleire lågterskeltilbod og psykolog(ar) i kommunen. Vi vil arbeide for at kommunen førebyggjer, avdekker og avverjar vald og overgrep, i samsvar med handlingsplan for dette.

God infrastruktur og godt samarbeid i regionen

Høgre vil at ferjetilbodet i kommunen skal styrkast med fleire avgangar. Vi ønsker at Storfjordsambandet blir realisert. Dei siste 4 åra har fleire kommunale vegar blitt rusta opp, dette arbeidet vil Høgre skal fortsette. Det er t.d. viktig at Grebstadvegen blir realisert.

Ein bra stad å bu – ein bra stad å besøke

Høgre vil arbeide for tettstadutviklingsprosjekt i heile bygda. Vi vil fortsette å legge til rette for tomter i heile kommunen, med spesielt fokus på sentrumsnære tomter. Vi vil realisere «Masterplan for reiseliv» med utvikling på Fjellsætra, Kyststi, sykkelturisme, og utvikling av Auremarkane. Vi vil leggje til rette for tursti/trappetrinn til Aurenakken.

Kultur, folkehelse og frivilligheit

Vi vil sikre gode kulturtilbod i kommunen, ved bl.a. å oppgradere amfiet i kinosalen på Kulturhuset. Vi vil fortsette å støtte ungdomstilbodet «Høbben» økonomisk. Høgre vil også ha ein plan for økonomisk støtte til frivillige lag og organisasjonar.