Personalet ved Sunnylven skule viser til lesarinnlegg frå Frank Sve i Nyss 18. januar og i Sunnmørsposten 26. januar der han hevdar at Sunnylven skule er lite ramma av innsparingane i Stranda kommune. Dette er direkte feil.

Fakta er at Stranda kommunestyre vedtok i kommunestyremøtet 21.12.2022, der Frp også var til stades, å redusere driftsbudsjettet ved Sunnylven skule med nesten 1,1 million kroner, noko som er forholdsvis likt som dei andre einingane, nedskjering på 10 prosent. For oss svarar dette til 1,65 stillingar. Dette er ei stor omstilling for oss, ikkje ei lita endring som representanten frå Frp meiner.

Vi er sjølvsagt lojale overfor det kommunale vedtaket og tek vår del av innsparingstiltaka.

Så håper vi at Stranda kommune raskare kan kome seg ut av den vanskelege økonomiske situasjonen.