På Dagsrevyen den 9. Mai vistes eit innlegg om regjeringa sitt forslag om å pålegge ferje og hurtigbåtane langs norskekysten at dei innan 2026 må ha gått over til batteridrift og vekk frå dagens fossile drivstoff. Dette er ikkje nytt i Stranda kommune.

Det nye er at Staten vil framskynde omlegginga for alle ferjer og hurtigbåtar i heile landet for å nå klimamåla dei er forplikta til. Det blei også understreka at det er heimfylket til kommunane som har det formelle og finansielle ansvaret for omlegginga, i det det er Fylka som har ansvaret for kollektivtrafikken, medrekna bygging og drift av ferjekaiene i kvar sitt område slik praksisen har vore i alle år. Når vi i tillegg veit stoda i kommuneøkonomien i Stranda kommune, står den eineståande Kai-praksisen kommunen forfektar fram i eit merkeleg lys?

I forbindelse med flakk Group sine planar på Hellesylt i å legge til rette for bl.a. ei ny båthamn knytt til drifta av det gamle hotellet og området i sentrum, hadde Flakk bl.a. eit krav (Ref Jan Ove Tryggestad i Kommunestyremøte) at den pr.d.d. Ferjekaia på Hellesylt knytt til sambandet med Geiranger måtte flyttast og tilpassast nye ferjer som skal drivast på Hydrogen. Planane til Flakk Group er svært interessante, sikkert godt gjennomtenkte og inngår som viktige investeringar i privat regi.

Det oppsiktsvekkande i Stranda kommune sin praksis er at når dei sel sentrumstomta til den same Flakk Group som skal romme den nye hydrogenfabrikken, ei tomt kommunen fyst foreslo burde ligge på Langeland/Tryggestad, men som til slutt hamna i sentrum so gjeng 5 av dei 6 millionane Flakk (Dvs Norsk Hydrogen) betalte for tomta inn i Flakk Group sitt kaiprosjekt som Stranda Kommune sitt bidrag i kvalitetssikringsarbeidet til 15 millionar for å sjå om det i det heile tatt er mogeleg å gjennomføre dette kaiprosjektet! Kvifor er det riktig at Stranda kommunestyre kan vedta som den einaste kommunen i M & R å ta over Fylket sitt ansvar for kollektivtrafikken på Hellesylt ved å «kjøpe» seg inn i dette prosjektet samtidig som kommunen slit med ein økonomi som i dag har ført kommunen inn på Robek-lista? Bruk av 5 millionar ein ikkje finn i noko økonomiplanar men som likevel trumfar tildligere vedtak om både sjukeheim og skule i kommunesenteret!