Eit fleirtal i fylkestinget med Arbeidarpartiet og Senterpartiet i spissen har slått til igjen.

No er det ferjesambanda i Møre og Romsdal som har fått eit kutt på 24,1 millionar kroner i årets budsjett, sjølv om fylkeskommunen som enno ikkje har handsama årsavslutninga mest sannsynleg vil gå med eit overskot på om lag 140 millionar kroner.

Dette har mellom anna råka ferjesambandet Sykkylven-Magerholm, som er ein av dei mest trafikkerte sambanda i landet. Det å kutte avgang klokka 10.30 frå Sykkylven og klokka 10.50 frå Magerholm, og like eins om natta klokka 03.00 frå Sykkylven og klokka 03.20 frå Magerholm går vi i Sykkylven Framstegspartiet sterkt imot. Det er på ingen måte akseptabelt å måtte vente i 40 minutt på neste ferjeavgang.

Spesielt dei kansellerte avgangane om føremiddagen har skapt problem for mange som har timeavtalar eller skal nå eit fly. Og ikkje minst for industrien og transportnæringa. Det blir transportert råvarer inn til Sykkylven og ferdigvarer ut. Då kan det ikkje vere slik at ferjekutt skal skape vanskar for næringane. Ferjene er å rekne som ein del av vegnettet. Difor vil vi kjempe for at nedbygging av ferjetilboda må bli stoppa og reversert, slik at avgangar som er kutta kjem på plass igjen.