Eg trur alle no veit kvar vi i Geiranger og på Hellesylt står i saka om legetilbodet. Takk til Nordang for god orientering om økonomien i kommunen. Men eg er ikkje politikar og har ikkje føresetnad for å meine noko om den i si heilskap.

Men eg tenkjer at i «tronge tider» må basistilboda til innbyggjarane tryggast fyrst: skule, barnehage, omsorgssenter og legetilbod.

Å ta vekk basistilbodet i utkantane er ikkje god politikk, om ein ynskjer å hindre at folk flyttar. Eg er heller redd for at mange vil fylgje dei 200 som allereie har forlate kommunen.

Har Stranda kommune råd til å miste desse skattebetalarane?

Det er heller ikkje snakk om å auke tenestene, men å behalde det vi har hatt: 3,5 time i veka. Det er dette vi kjempar for!

Eit tilbod som har eksistert i meir enn 70 år, mogelegheit for vaksinasjon og legetilsyn.

Eg trur ikkje kommuneøkonomien var betre på 40-50-talet, men dette prioriterte dei.

Eg forstår at kommunen er fattig, men blir dette vedtaket ståande er det ikkje pengar kommunen er mest fattig på.

Eg vil appellere til alle politikarane i denne saka. Vurder godt korleis de stemmer på det komande kommunestyremøtet.

Vi vil alle at Stranda kommune skal vere ei god kommune å bu i, det vil loddast på kva tilbod som er til våre aller yngste og eldste, eit tilbod i rimeleg nærleik til der folk bur.

Og vi vil ha levande bygder, heile året! Det er her vi bur både i gode og tronge tider.