Tysdag skal eit utkast til avtale om bruk av kaiområdet for Rema 1000 opp til behandling i formannskapet. Det reagerer Synnøve Ramstad på.

– Fleire av naboane blei bedne om å komme med uttaler til området av Kibsgaard-Pettersen som hadde frist den 30. mars. Det blei sendt inn fleire kommentarar som ikkje har blitt behandla av kommunen enno. Samtidig ligg det no på bordet eit utkast til ein avtale med REN Sykkylven, adresse Oslo. Her går ein inn i ein avtale utan å vite korleis bygget blir sjåande ut. Reguleringsplanen er også framleis gjeldande, og så lenge den er gjeldande vil ein i etterkant kunne komme tilbake og søke om vidare bygging opp til fire etasjer. Kvifor har naboane blitt bedne om å uttale seg når det ikkje er oppe som sak før ein gjer avtale med REN? Er dette blitt ei hastesak for Sykkylven kommune? Og kva med om Rema finn ut at dei vil selje eller vil avslutte forholdet i Sykkylven. Kva vil då skje med bygget? Det seier avtalen ingenting om, seier ho.