Takkar for svar.

Grunnen til at vi reagerer på flyttinga denne gongen, og eg skreiv eit innlegg i Nyss, er at det ikkje blei sagt noko om at det ikkje var ei vanleg flytting. Den omrokeringa dokker er i gang med å gjennomføre ved Sykkylven Omsorgssenter (SO), er at heile institusjonen og heimetenesta er inne i ei omstilling. Kvifor kan dokker ikkje orientere brukarane og bebuarane om dette? Kvifor ikkje nytte dokker av Nyss til å fortelje dei framtidige brukarane om dette? Kvifor seier du ikkje noko om dette i ditt svar?

Hadde vi som pårørande fått vite kvifor naboen til svigermor mi flytta så kunne vi fortald ho det. Roa ned situasjonen. Gjort ho trygg på at ikkje noko skulle skje, og ho skulle sleppe å flytte på seg. Vi som pårørande visste ikkje noko. Vi blei ringt opp ein sein kveld av ei svært opprørt mor og svigermor. Vi har snakka med dei som vart flytta, og dei er nøgd, men det skjedde fort seier dei. No er naboane og miljøskaparane som ein kunne treffe på den avdelinga svigermor mi bur under måltida, vekke, og dei som sit på romma sine heile dagen har ikkje lengre nokon å snakke med under måltida. Det vart sagt at det var eit godt miljø da svigermor mi skulle flytte til ei leilegheit på SO. Det var da, Miljøskaparane, er flytta til ei anna avdeling, og det er ikkje lengre som før.

Det verkar for meg som om dokker er redde for å informere om det som skjer på SO. Informasjon er eit framandord. Politikarane som skal styre det heile veit også lite. Du må møte i kommunestyret og fortelje dei kvifor det står tomme rom ledige. Kanskje må du forklare betre kvifor dokker omstiller på SO: Dei som er nærast får heller ikkje vite noko. Kva med å lage eit brukarutval ved institusjonen der dei som bur der, tilsette, leiinga, pårørande og politikarane sit, og di kan informere utan om det som skjer til dei som involvert ?