Regjeringspartia, Arbeidarpartiet og Senterpartiet stuper på meiningsmålingane. Ap nærmar seg 15 prosent oppslutnad, medan Sp vaker rundt sperregrensa på fire prosent.  Det kan sjå ut til at statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har vanskar med å forstå kvifor det går «fillevegen» på meiningsmålingane, medan Høgre og partileiar Erna Solberg sit stille i båten og kan registrere at partiet er i medvind og fossar fram med over 30 prosent oppslutnad.

Støre og Vedum skuldar på krigen i Ukraina når dei møter motbør. Men så enkelt er det ikkje. Sanninga er at Ap og Sp har satsa på ein feilslått politikk som i stor grad har råka såkalla «vanlege folk», og at dei rike finn seg ein annan plass å bu av skattemessige omsyn.

Straumprisane er ute av kontroll, matprisane er ute av kontroll, drivstoffprisane er ute av kontroll. Og på toppen er det viktig å auke skattar og avgifter, og syte for at næringslivet legg inn årane med tanke på nye investeringar. Havbruksnæringa responderer på denne politikken ved å permittere hundrevis av tilsette og lokale aktørar som Flakk-gruppen har lagt 600 millionar investeringskroner på vent i vårt nærområde.

Dersom regjeringa skal få fleirtal for statsbudsjettet, er det SV som skal bli redninga i form av endå høgare skattar, null til motorvegar og nei til Stad skipstunnel. Dette er fanesaker som kan vere vanskeleg for mange å forstå. Eg forstår det ikkje.

Framstegspartiet og partileiar Sylvi Listhaug og vår lokale stortingsrepresentant, Frank Sve har rett i at det må bli gjennomført konkrete tiltak, som makspris på straum, subsidiere drifstoffavgiftene og syte for at Stad Skipstunnel blir realisert. Spørsmålet er om Frp klarer å nå fram med sine bodskap, og dermed får auka oppslutnad fram mot valet neste år.