Det er for seint å snyte seg når nasa er vekk, er eit gjeldande ordtak i denne saka.

Nullutslippsvedtaket i verdsarvfjorden frå og med 1/1-2026 kjem raskt, og då blir det ikkje grøn fjord, men tom fjord.

Partia som ivra mest for dette på Stortinget var blant anna Høgre, KrF og AP, som altså no etter kvart heilt sikkert har fått med seg kva dei har stelt istand.

Cruiseskip til Stranda sentrum er mogleg, og dette er frå før regulert inn i godkjent sentrumsplan.

Arealet på land i sentrum er svært avgrensa, og det er store utfordringar med forsvarleg logistikk med for mange turistar der på ein gong og over tid.

Derfor er planane med ein Seawalk sannsynlegvis det absolutt rette, og det som faktisk er realistisk.

Til ein slik Seawalk kan også store skip legge til, med kanskje mellom 1.500-4.000 passasjerar.

Dette blir då meir enn nok av turistar som skal handterast på land, og dette i kombinasjon med ilandstigningsanlegg og kai for mindre båtar ved Ekornesbygget, vil dette kunne fungere godt.

Dette vil uansett medføre færre skip til vårt havnedistrikt med dertil lågare inntekter som kommunen må dekke inn i sine budsjett.

Sansynlegvis fleire millionar kroner i året må kommunen dekke inn, ved kutt i ordinær drift.

Dette tenkte ikkje Høgre og Ap mykje på, då dei vedtok kravet om «tom fjord» frå 2026.

Så blir det nok ikkje haugevis med nullutslippsfartøy inn fjorden uansett, nokon skal finansiere dette. Dette er båtar som også skal ha oppdrag heile året når det ikkje er cruiseskip.

Cruiseskip i Stranda sentrum vil vi kunne få, og heilt sikkert kunne utvikle eit godt og utvida tilbod til turistane i heile kommunen.

Strandafjellet vil også bli svært viktig i ei slik satsing, og dette vil kunne skape enda fleire arbeidsplassar kring reiselivet.

Derimot må dette gjerast med realisme og bli godt planlagt slik at ein får til eit best mulig tilbod og med minst mogleg ulemper for alle.