Krav frå Arbeidstilsynet: Arbeidstilsynet hadde over tid meldt frå til Stranda kommune at den gamle brannstasjonen ikkje stetta kravet til arbeidsforholda for brannmannskapet, og at han måtte flyttast for å ligge høgare enn oppskyljingshøgda til ev flodbylgje frå Åknesrivna. I 2014 kravde Arbeidstilsynet at noko vart gjort, viss ikkje ville kommunen få ei betydeleg dagmulkt. Stranda kommune kalla då inn til møte med fylkesmannen og Arbeidstilsynet for å finne ei løysing.

Semje: Stranda kommune fekk utsetjing av pålegget til kommunen var ute av Robek.

Vidare framdrift: Kommunen var ute av Robek i 2019 og tok straks til å prosjektere stasjonen. Beredskapen i Geiranger må vere tilpassa sommarsituasjonen i bygda med på det meste 14-15.000 turistar og 3.500 overnattingar per døgn. Etter ein grundig analyse og forhandlingar vart det då bestemt å byggje ein blålysstasjon, ein felles stasjon for brann, ambulanse og politi. Ambulansen trong mellom anna garasje og opphaldsrom, og politiet ein tilhaldsstad om sommaren ved teneste i bygda. Statsforvaltaren støtta difor planlegginga med skjønsmiddel. Det nye bygget er no ferdig prosjektert, og bygginga er starta.

Kostnad: Heile kostnaden med blålysprosjektet er kalkulert til 67 mill. kr. Sjølve bygget inklusiv utomhus og inventar er kalkulert til ca 44 mill. kr. Prosjekteringa kostar 1 mill. kr og infrastruktur 19,2 mill. kr. Ein har då ein buffer på knapt 3 mill. kr.

Utgiftene til infrastruktur dekkjer bru og vegar inn til området (Berget). Her blir det, i tillegg til brannstasjonen, plass til 10 tomter som såleis er med og løyser den vanskelege tomtesituasjonen i bygda. To av desse tomtene blir klargjorde ved prosjektet.

Finansiering: Ambulansestasjonen (garasje/overnatting og vaskehall) har ein kalkyle på 20 mill kr. Denne kostnaden er finansiert gjennom ein leigeavtale med Møre og Romsdal Helseføretak. Attståande kostnad på 44,2 (47 mill. kr med buffer), må Stranda kommune dekkje, og så langt tyder alt på at samla kalkyle vil halde. Momsrefusjon og husleige frå politiet vil redusere kostnaden for kommunen monaleg. Stranda kommune ved prosjektleiar/administrasjon har utført eit solid arbeid med kostnadsramma.

Samarbeid ber frukter: Blålysstasjonen er eit svært godt døme på verdien av samhandling mellom kommune og stat, og stasjonen er svært viktig for framtidig tryggleik for bygdefolk og besøkande i Geiranger. Den nye tunnelen ved Korsmyra vil krevje ekstra beredskap, sameleis ny Strynefjellstunnel med arm til Geiranger, som nokså sikkert vil kome i framtida.