Vi skal i september velje nytt kommunestyre i Sykkylven og spørsmålet vi bør stille oss er: Korleis kan kommunen gi best mogleg teneste til alle som bur i kommunen, innan dei økonomiske rammene ein rår over?
Skal kommunen drivast med nedskjeringar i alle tenesteytande avdelingar, medan administrasjonen eser ut? Mitt svar er klart nei, innan helse/omsorg og skule/barnehage er det viktig at vi har kvalifisert personale og at det er nok personale på jobb til ei kvar tid. Det krev at vi må auke grunnbemanninga på desse områda. Auka grunnbemanning vil betre arbeidstilhøva for dei tilsette, gi stabile rammer kring omsorg og undervisning. Sjukefråværet vil gå ned (det syner resultat frå kommunar som har gjennomført dette). Kommunen som arbeidsgivar vil spare inn kostnadane dette vil medføre, med at ein unngår å leige inn dyre vikarbyrå. Sykkylven kommune brukte neste 30 millionar til vikarar i 2022, av dette gjekk rundt 20 millionar til legesenteret. Likevel er det nesten 10 millionar som er brukt innan hels og omsorg.
Hadde vi brukt desse pengane til å auke grunnbemanninga og tilsett fleire i heile stillingar, hadde vi hatt eit betre tilbod både til den oppveksande slekt og til helse/eldreomsorg. Og ikkje minst eit betre arbeidsmiljø for dei tilsette.
Valet er ditt; privatisering eller styrking av det offentlege tilbodet.