Det er ikkje vanskeleg å vere einig i at alle bør få lese lokalavisa. Den bind samfunnet saman, og oppdaterer innbyggjarane om det viktigaste som skjer, heilt nært. Vi belyser, løfter fram og informerer. Men Nyss er ei abonnementsavis, som betyr at vi tek betalt for artiklane vi skriv, både på nett og i papiravisa. Brukarbetaling er vår desidert største inntektskjelde, og slik kan vi ha tilsett gode journalistar med eit kritisk blikk og halde fram med å skape ei god lokalavis. Stort sett er unntaka per i dag lesarinnlegg, som vi ikkje har brukt så mykje av tida vår på, og somme typar informasjon som vi vurderer som viktig for liv og helse at det kjem ut til alle. Til dømes var koronasaker gratis under pandemien, og det same gjeld når vi får melding om slikt som forureina drikkevatn.

Det blir i kommentarfeltet vårt på Facebook spurt om det ikkje er slik at ei melding frå politiet er meint å nå ut til alle, ikkje berre avisabonnentar, og at det er Nyss si oppgåve å sørgje for at det skjer. Svaret er enkelt: Nei, det er nok ikkje slik. Det er ikkje vår oppgåve eller plikt å vere talerør for nokon som helst. Det gjeld også ulike etatar, som politiet. Redaktøren i kvar avis står heilt fritt til å vurdere kva som skal publiserast, innanfor grensene til Ver varsam- plakaten og norsk lov. Som redaktør har ein også det heile og fulle ansvaret for det som kjem ut i mediet, og kan straffast personleg om ein skriv noko som fell utanfor lova, uansett om ein kjenner til eller har medverka til det eller ei.

Vi i Nyss får mykje informasjon frå politiet, og hos oss blir det laga artiklar av det som vi finn interessant. Og desse vert tilgjengelege for abonnentane våre. Til dømes har vi dei siste vekene skrive om svært viktige tema som telefonsvindel og rus blant ungdom, etter å ha vore i kontakt med politiet. Det betyr likevel ikkje at vi gir vekk sakene. Eit demokrati er basert på truverdig, fri og uavhengig nyhetsformidling, og uten auka inntekter frå dei digitale flatene er mediestrukturen slik vi kjenner den truga. Difor er dei fleste sakene på nyss.no for abonnentar, slik som papiravisa.