Sjølv ikkje starten på brevet var enkel. Dette fordi eg mangla adressat.  Innleiinga på brevet var som følgjer; Kjære du der oppe som styrer denne galskapen her nede. Kan du skaffe oss ei ordentleg stor kopimaskin? Ei kopimaskin spør du kanskje?

Tanken bak denne maskina skulle vere at vi menneske kunne kopiere nye barn som var heilt like. Ingen forskjellar å sjå. Berre ein hudfarge, eitt kjønn, lik hårfarge og sveis, like meiningar og tankesett. For det er vel det vi menneske ønskjer. At vi er heilt like, A4. Eller er ulikskap heilt greitt? Håpefullt dreg eg meg mot det siste. Men eg veit ikkje heilt om eg klarar å tru på det.

Fjordpride

No i helga er det Stranda sin tur til å vere stolte. Fire bokstavar, LHBT som rommar så uendeleg mykje i seg. Bygdapride er ein realitet for fyrste gang her inne i fjorden. Verda er komen til oss. No blir det parade, appellar og fest.

I desember førre året fekk fire røyster frå Stranda og Sykkylven kommune fortelje i Nyss om korleis det var å vekse opp på landsbygda og høyre inn under desse fire bokstavane. Dei fire fortel om både positive og negative opplevingar. Under Bygdapride er det deira tur til å skinne.

Ulikt støypte

Kopimaskina eg refererte til i starten av teksten håpar eg verkeleg at vi ikkje har behov for nokon gong. At vi i staden for å prøve å bli heilt like kan leve med at vi er forskjellige på ulike måtar. For det er vi faktisk, forskjellige altså. Og forskjellane gjer det så lett å dømme andre. Nokon er for låge når dei skal konfirmere seg (eg måtte stå på krakk på konfirmantbiletet), andre er mørkare i huda, nokon kan ikkje… eller er ikkje… Ja, der er så mange som ikkje er som deg og meg.

Fire bokstavar, LHBT. Eg har vald å bruke desse fire sjølv om ein også nyttar mellom anna LHBTIQ. Vi er veldig ivrige vi menneske til å sette merkelappar på andre, og då blir vi jo ulike. Og på den måten er det også enklare å finne noko å sette fingeren på. Ja, det er enkelt å dømme andre. Fire bokstavar som set folk i båsar. Og eg ser jo det sjølv når eg skriv den her teksten. Det er ikkje enkelt å unngå å bruke denne merkelappen.

Straffbart

Nyleg var det årsdagen til at paragraf 213 i Straffelova av 1902 vart avskaffa. Ordlyden i paragrafen lyder; «Finder utugtig omgjængelse sted mellem personer af mandkjøn, straffes de, der heri gjør sig skyldige eller som medvirker dertil, med fængsel indtil 1 aar.».

For 50 år sidan vart dette ikkje lenger sett på som straffbart. Denne kjærleiken var i same paragraf omtala i same andedrag som «utuktig omgjængelse med dyr». Frå 1687 til 1842 var det dødsstraff for «omgjængelse mod naturen». Vi er komen lenger sjølv om ein ikkje heilt er i mål, men det er lov å elske den ein elskar uavhengig av kjønn.

Utfordringar

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har ein eigen artikkel om denne saka (paragraf 213). Her får ein eit djupare innblikk i historia til paragrafen. På sida kan ein også lese meir om utfordringar «normale» folk slepp å forhalda seg til. Både Bufdir og SSB sin Livkvalitetsundersøking frå 2020 fortel om personar som kjem under LHBT-kategorien som rapportera om tydelege levekårsutfordringar og erfaringar med ulike former for diskriminering.

Klisjeen; - Vi lever i 2022, blir nytta i mange samanhengar og refererer til at vi menneske burde ha kome lenger i utviklinga. Når ein kjem til LHBT er den høgaktuell. Er vi som samfunn verkeleg så småleg at vi ikkje kan godta at vi er ulike? Eller er det igjen dei få som hevar røysta si som øydelegg?

Bygdapride

På Stranda blir det eit innhaldsrikt program som startar med kino og blir avslutta med Regnbogemesse i Sunnylven kyrkje. Frå Mona blir det parade til sentrum, appellar og konsert. Og kva er vel ei Bygdapride utan ein Eurovisjonsfest?

Eg håpar som sagt at vi ikkje får behov for kopimaskina for framtida.

At vi møter opp når det er Bygdapride og fortel alle saman at ja;

«Du er du, og det er berre fint!»