Sintef-rapport: Store ringverknader frå oppdrettsnæringa

Vel 9.000 personar jobbar med å levere teknologi og service til oppdrettsnæringa. I tillegg skaper næringa 12.000 andre jobbar, ifølgje ein ny rapport.
innenriks

Rapporten er laga av Sintef på oppdrag frå Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF) og tar for seg ringverknadene frå næringa i 2015. Konklusjonen er at leverandørane til oppdretts- og sjømatnæringa stod for ei verdiskaping på 24,5 milliardar kroner i fjor.

Leverandørar av fiskefôr står for den største direkte verdiskapinga – til saman 2,7 milliardar kroner. Men dei største ringverknadene skjer hos bygg- og anleggsbransjen, ifølgje rapporten.

Forskingsleiar Heidi Bull-Berg i Sintef Teknologi og samfunn presiserer at bidraget til BNP grovt sett er rekna ut frå salsverdien på alle varer og tenester, minus kostnadene.

(©NPK)