Sjukeheimspasientar ligg over 12 timar i senga kvar dag

Då forskarar målte aktiviteten til sjukeheimspasientar, fann dei ut at pasientane låg halvparten av døgnet i senga.
innenriks

Målarane pasientane fekk viste også at søvnkvaliteten ikkje var god, skriv Bergens Tidende.

– Vi veit at dårleg søvn kan virke negativt. Faren for å falle, auka dødelegheit og redusert livskvalitet kan vere konsekvensane av dette. Derfor er det viktig å studere søvn i denne særlege sårbare pasientgruppa, seier Kjersti Blytt ved Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdommar ved Haukeland universitetssjukehus.

Ho og kollegaene hennar står bak studien, som er publisert i tidsskriftet BMC Geriatrics. Dei følgde 84 pasientar på fleire stadar i Noreg i sju døgn. I snitt låg pasientane i senga 12 timar og 20 minutt kvar dag – altså over halve døgnet.

– Det er i tråd med tal vi har sett før. Men det er merkverdig at dei brukar så mykje tid i senga, seier Blytt.

(©NPK)