Dale nektar for politisk styrt toganbod – blir ikkje trudd

Opposisjonen på Stortinget trur ikkje på samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp), som blankt avviser politisk styring av toganbodet på Sørlandsbanen.
innenriks

– Eg har ikkje lagt politiske føringar for kven som har fått anbodet, sa Dale då både Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV brukte spørjetimen til å tvile på prosessen som førte til at britiske Go-Ahead nyleg fekk kontrakten for å køyre tog på Sørlandsbanen, Arendalsbanen og Jærbanen dei neste ti åra.

– Det hadde vore ein fordel om ein faktisk lytta til svaret mitt, kom det ein smule oppgitt frå statsråden då han for tredje gong fekk spørsmål om han var einig i ei utsegn frå Jernbanedirektoratet om at det hadde vore ein fordel å få inn andre aktørar enn NSB.

– Svaret er framleis nei, sa Dale.

«Vengeklippe NSB»

Men togkameratane Sverre Myrli (Ap), Sigbjørn Gjelsvik (Sp) og Arne Nævra (SV) er langt frå overtydde.

– Eg seier jo ikkje at samferdselsministeren sjølv har behandla søknadene. Men heilt frå vi behandla jernbanereforma i 2015 har regjeringa ønskt av heile sitt hjarte å legge til rette for andre enn NSB. Heile prosjektet deira er å vengeklippe NSB. Då er det ikkje overraskande at Jernbanedirektoratet følgjer opp dette, seier Myrli.

Gjelsvik meiner at Dales svar er «sterkt bekymringsfullt».

– Det står ikkje til truande. Jernbanedirektøren har jo gitt uttrykk for at det er viktig å få inn ein annan aktør enn NSB. At statsråden avfeiar det, er ikkje tillitvekkande, all den tid han sjølv har rigga til konkurranse og kritisert NSB for å vere for dyre, seier Gjelsvik.

– Ein politisk ideologi ligg som sviller under skjenene. Det handlar om å presse pris og få dei tilsette til å springe fortare, seier Nævra.

– Lagar spel

Ifølgje Dale har alt gått etter regelboka for statlege anbodsrundar.

– Eg må berre konstatere at opposisjonen prøver å lage eit politisk spel ut av noko som ikkje har vore det. Det er Jernbanedirektoratet som har hatt anbodet ute, vekta anbodet og tildelt kontrakten. Eg har ikkje meint noko om det i prosessen, seier samferdselsministeren til NTB.

Han meiner det er ein «grunnlaus påstand» å seie at regjeringa ønsker å vengeklippe NSB.

Kjem tilbake

Runden med Dale og opposisjonen kom som ei følgje av at samferdselsministeren brukte over ei veke på å reagere på ei oppfordring om å komme til Stortinget med ei forklaring om anbodsprosessen for Sørlandsbanen.

No er det klart at det blir ei orientering «i tråd med Stortingets forretningsorden» – som Dale sjølv uttrykte det etter spørjetimen onsdag. Truleg skjer det 18. desember.

– Det blir eit nytt høve til å bore ytterlegare. Statsråden svarer lite konkret på kritiske og rimeleg presise spørsmål, seier Gjelsvik.

(©NPK)