Svenskane set opp ekstra avgangar på Dovrebanen

Jernbanestrekninga mellom Eidsvoll og Trondheim får to ekstra avgangar kvar veg når svenske SJ tek over Dovrebanen.
innenriks

Måndag vart det klart at svenske SJ vann anbodskonkurransen om å drifte Dovrebanen, Nordlandsbanen og fem underliggande strekningar dei neste ti åra.

Når SJ overtar dei sju togstrekningane om eit drygt år, lovar dei fleire oppgraderingar.

Lokalavisa i Oppdal, OPP, skriv torsdag at SJ skal auke kapasiteten på Dovrebanen med to ekstra avgangar kvar veg på kvardagane frå desember 2021.

– Vi er sikre på at det er fleire passasjerar som vil reise med tog om vi har fleire avgangar. Målet er totimar ruter på Dovrebanen, men vi lykkast ikkje med ein gong. Vi ønsker å få det til, seier Anders Reinhold i SJ til OPP.

I tillegg til fleire avgangar, skal selskapet ruste opp togsetta innvendig og lovar betre internettdekning på toga i Midt-Noreg og Nord-Noreg.

Det var prisen som gjorde at SJ vann over Vy, uttalte jernbanedirektør Kirsti Slotsvik då ho presenterte avgjerda måndag.

(©NPK)