Kringkastingsrådet skal diskutere Debatten

Kringkastingsrådet skal onsdag mellom anna behandle 22 klagar på Debatten-sendinga i mars, der forskar Gunhild Alvik Nyborg var gjest.
innenriks

– Når vi er inne i eit slikt hysteri som det er rundt korona, er det viktig at NRK jobbar for å informere, ikkje skape uro, skriv ein av klagarane, ifølgje Kampanje.

Det kom rask fleire klager etter at Nyborg besøkte programmet 17. mars. Kritikken gjekk på at Nyborg fekk kritisere handteringa til styresmaktene av koronaviruset i over ein halv time før helsedirektør Bjørn Guldvog og overlege Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet fekk komme til orde.

Programredaktør Knut Magnus Berge i NRK har tidlegare innrømd at motførestillingane frå Aavitsland og Guldvog med fordel kunne ha fått meir plass.

For første gong skal Kringkastingsrådet onsdag samlast til videomøte.

Totalt har det komme 1.289 klager til møtet. 1064 av desse er overliggjarar frå det avlyste møtet i mars.

Ein stor del av desse gjeld stemmeproblema under finalen av Melodi Grand Prix.

(©NPK)