Faddervakter skal passe på Oslo-studentane i helga

I Oslo blir det i helga sett inn faddervakter. Vaktene skal bidra til ein tryggare start på studietilværet.
innenriks

– Det er viktig å vise nye studentar at vi er her for kvarandre og at studiestartvekene er ein trygg arena. Mange av dei organiserte kveldsaktivitetane er avlyste. Det trur eg gjer det ekstra viktig at vi har folk i gatene med eit spesifikt ansvar for å vere der for studentane, seier Idun Kløvstad, student og leiar i Velferdstinget i Oslo og Akershus i ei pressemelding.

Bak ordninga står òg Universitetet i Oslo (UiO), Oslo Met, BI, Høyskolen Kristiania og Studentsamskipnaden (SiO).

Oslos ordførar Marianne Borgen (SV) og rektorane på fleire av skulane er blant dei som skal vere faddervakter.

(©NPK)