Fleire sluttar seg til Wizz Air-boikott

Bransjeorganisasjonen Lederne kastar seg på Wizz Air-boikotten som blir grunngitt med haldningane lågprisselskapet har til fagforeiningar.
innenriks

Sentralstyret til organisasjonen vedtok onsdag at dei vil boikotte Wizz Air, éin dag etter at hovudstyret i YS fatta den same avgjerda.

Industri Energi og Nito har frå før varsla at dei vil nekte sine tilsette å bruke selskapet til jobbreiser.

– Om det blir ein realitet at Wizz Air skal operere på innanlandsmarknaden, ser vi på det som sjølvsagt at dei tilsette skal kunne ha tariffavtalar, seier forbundsleiar Audun Ingvartsen i Lederne i ei pressemelding.

Bransjeorganisasjonen representerer leiarar på tvers av sektorar i Noreg. Til liks med YS reagerer dei på at konserndirektør József Váradi i Wizz Air på ein pressekonferanse 6. oktober sa at det ungarske lågprisselskapet ikkje vil inngå tariffavtalar med fagforeiningar.

– Vi er eit flyselskap utan fagforeiningar, sa Váradi, ifølgje E24.

Fråsegna vart møtt av omfattande kritikk, og selskapet har sidan understreka at dei innrettar seg til lovverket.

– Wizz Air følgjer gjeldande lover og reguleringar i alle land vi opererer i. Det er avgjerande og uunnverleg for verksemda vår. Vi respekterer den norske arbeidslivsmodellen fullt ut og vil sjølvsagt overhalde det norske regelverket, sa personaldirektør Johan Eidhagen i ei pressemelding sendt 15. oktober.

Men forbundsleiar Audun Ingvartsen i Lederne er ikkje samd i fråsegna.

– Wizz Airs inntog i Noreg og den uttalte haldninga deira til den etablerte samarbeidsmodellen vår i arbeidslivet truar den norske samfunnsstrukturen, seier han.

(©NPK)