Detaljhandelen steig med 1,2 prosent frå september til oktober

Detaljhandelen gjekk opp med 1,2 prosent frå september til oktober, viser tal frå SSB.
innenriks

Dette skjer etter ein auke på 0,3 prosent frå august til september.

På førehand venta økonomane ein vekst på 0,5 prosent, ifølgje Bloomberg, skriv E24.

Det største bidraget til den samla veksten kom frå daglegvarebutikkar, som har gjort det sterkt sidan starten på pandemien, skriv Statistisk sentralbyrå. Netthandelsbutikkar og apotek bidrog òg til veksten.

Klesbutikkar, bensinstasjonar og møbelbutikkar opplevde derimot ein nedgang i sesongjustert omsetningsvolum, som bidrog til å dempe den samla veksten.

Koronapandemien har bidrege til at nordmenn dei siste månadene har brukt mindre pengar på kjøp av tenester, og meir på varekonsum. I tillegg blir handelen påverka i Noreg av nedgang i grensehandelen og færre utanlandsreiser.

Den breiare varekonsumindeksen som også inkluderer bilkjøp og elektrisitet fall 1,1 prosent i oktober.

(©NPK)