Barna: Kurt Oddekalv døydde då han prøvde å redde hunden Kompis

Miljøaktivisten Kurt Oddekalv gjekk gjennom isen og døydde då han skulle redde elghunden Kompis frå å drukne, opplyser familien.
innenriks

– Troumot det han elska døydde pappa i forsøket på å redde hunden til den yngste søstera vår Mathilde, frå å drukne under isen. Hunden Kompis vart òg med han vidare som følgje på reisa, skriv barna i eit minneskrift om faren som Bergensavisen har publisert.

Artikkelen er underteikna av Kurt Oddekalv fire barn, Mathilde, Gyda, Odin og Ruben.

Oddekalv (63) døydde etter at han gjekk gjennom isen på Bahusvatnet, som ligg ved Kalandseidet sør i Bergen kommune, måndag ettermiddag.

Han var leiar for Miljøvernforbundet, som han sjølv oppretta i 1993 etter å ha vorte ekskludert frå Noregs Naturvernforbund.

(©NPK)