FHI-direktøren fryktar meir koronasmitte framover

Virusmutasjonar og importsmitte er det som bekymrar FHI-direktør Camilla Stoltenberg aller mest. Smittesituasjonen er svært ustabil, meiner ho.
innenriks

– Det som bekymrar oss no, er at smittetala kan byrje å auke igjen, seier Folkehelseinstituttets (FHI) direktør til NTB.

– Det kan skje viss ein får spreiing av desse virusmutasjonane, viss ein ikkje har god nok kontroll med smitte over grensa og viss ein ikkje kjem langt nok ned før ein lettar på tiltaka, seier Stoltenberg.

I den siste risikorapporten sin, som vart offentleggjord onsdag, påpeikar FHI òg at det er høg risiko for at virusvariantane frå Storbritannia og Sør-Afrika skal byrje å spreie seg i Noreg.

Nedstenging – og smitterekord

Snart to veker med strenge nasjonale tiltak som sosial nedstenging og skjenkeforbod har førebels ikkje påverka smittetala i særleg grad. Førre veke vart det sett smitterekord med 4.413 nye registrerte tilfelle. Frå måndag til torsdag denne veka er det meldt om 2.363 nye tilfelle.

Ifølgje Stoltenberg handlar smitteauken mykje om at fleire går og testar seg.

– Det gjer det i høgaste grad. Det er for tidleg å seie noko sikkert om kva effekt tiltaka har hatt. Det tek litt tid før tiltak verkar, seier ho.

I tillegg er det først no ein ser verknadene av meir kontakt mellom folk i jula, påpeikar ho.

– Ingen nye tiltak

På ein pressekonferanse onsdag understreka helseminister Bent Høie (H) at folk må førebu seg på at tiltaka held fram til veka.

– Smitten ligg på eit nivå der risikoen for nye utbrot framleis er høg, sa Høie.

Dei noverande tiltaka gjeld til og med tysdag neste veke. I helga skal regjeringa vurdere nye råd frå FHI og Helsedirektoratet, og måndag skal statsminister Erna Solberg presentere konklusjonane i ei forklaring til Stortinget.

Ifølgje Stoltenberg vil truleg ingen nye tiltak bli lagde på bordet.

– Eg trur tiltaka er godt kjende, både for befolkninga og for media. Det er snakk om kombinasjonar av dei og om det skal vere ope for meir variasjon i landet, seier ho.

Håpet å kunne gå tilbake

Bodø kommune er blant dei som har teke til orde for at kommunar bør kunne innføre unntak frå nasjonale koronatiltak når ei klar medisinfagleg grunngiving tilseier det. Nasjonale tiltak kan ramme unødvendig strengt, meiner kommunen.

– Planen vår då vi foreslo å innføre strenge tiltak for 14 dagar sidan, var jo at vi håpa det ville vere mogleg å gå tilbake til det gamle systemet med at tiltak i stor grad kan vedtakast lokalt. Men om det vil vere mogleg, er litt tidleg å svare på, seier FHI-direktøren, som antydar at å skru ned nivået no, er feil.

– Men det å gjere justeringar, til dømes å opne for større variasjon regionalt, er jo ein aktuell diskusjon, seier ho.

Mørketal

Sidan 2. januar har det vore obligatorisk for alle som kryssar grensa, å registrere og teste seg. Men mange går rett forbi teststasjonane på flyplassane, og til no er det berre teke stikkprøver på om dei tek ein koronatest innan eit døgn og følgjer karantenereglane.

Onsdag lanserte justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) nye grep for å tette hola når det gjeld importsmitte. Mellom anna har Helsedirektoratet fått i oppdrag å etablere eit telefonsenter med 160 tilsette som skal følgje opp alle som kjem frå utlandet.

FHI veit førebels ikkje om det nye grenseregimet har bidrege til å redusere importsmitten.

– Det som er hovudproblemet, er at vi trur at det har vore veldig store mørketal, altså mange som har komme med smitte som vi ikkje har visst om, seier Stoltenberg, som samtidig trur det er fullt mogleg å stoppe importsmitten.

– Når det systemet som det er lagt opp til, byrjar å fungere, og det håpar vi vil skje raskt, vil vi ha ein heilt annan situasjon. Men vi må få tydeleg kontroll med absolutt alle som kjem til landet, understrekar ho.

(©NPK)