Fleirspråkleg koronatelefon tek tid

Fem veker etter at regjeringa lova å setje i gang ein fleirspråkleg koronatelefon, er han ikkje på plass.
innenriks

Folkehelseinstituttets veketal, som vart lagt fram onsdag viser at 15 prosent av dei som har testa seg og er fødde i Somalia, leverte positiv test. I befolkninga samla sett er delen 2,5 prosent, skriv Klassekampen

Tala bekymrar Abdullahi Elmi Ibrahim som jobbar som lærer og er bystyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Bergen.

– Vi er veldig bekymra for om det kjem god nok informasjon ut til miljøa no. Behovet er stort. Ikkje berre om koronareglar, men også informasjon knytt til vaksinar, seier Ibrahim til Klassekampen.

Allereie 5. november bad Folkehelseinstituttet politiske styresmakter om å innføre målretta tiltak retta mot innvandrarar. Ein månad seinare, den 4. desember la ei ekspertgruppe fram strakstiltak, som Guri Melby (V) sa at regjeringa skulle innføre. Eitt av tiltaka var å omsetje pressekonferansane til regjeringa. Eit anna var ein fleirspråkleg koronatelefon.

Avdelingsdirektør Øyvind Giæver i Helsedirektoratet seier eit tilbod i beste fall vil vere på plass om tre veker, altså tidleg i februar.

– Men det er usikkert. Vi har ikkje teke ei avgjerd enno på kva modell vi vel, seier Giæver.

(©NPK)