Frp meiner Vinmonopolet må ta inn lokale produkt

Vinmonopolet bør vere forplikta til å ta inn lokalproduserte drikkevarer. Dessutan bør produkt kunne merkast med utmerkingar og prisar, foreslår Frp.
innenriks

– Norske produsentar leverer kvalitet i verdsklassen, men blir nekta tilgjenge til å selje produkta sine i Noreg. Det må ryddast opp i, seier den helsepolitiske talspersonen i partiet, Åshild Bruun-Gundersen.

Framstegspartiet har fremja eit forslag i Stortinget som byggjer på ein modell frå det svenske Systembolaget der lokalproduserte produkt blir tilbodne.

I tillegg ønskjer partiet ei lovendring for å tillate merking på emballasjen. I dag er det ikkje tillate for produsentar å opplyse om prisar eller utmerkingar, og dei kan heller ikkje kontakte Vinmonopolet direkte for å sikre seg hylleplass på utsalsstadene deira.

– Dagens alkohollov sørgjer for at norsk næringsliv taper i konkurransen mot store internasjonale aktørar. Det meiner eg er meiningslaust, seier Bruun-Gundersen.

Forslaget blir behandla i Stortingets helse- og omsorgskomité 2. februar.

(©NPK)