Helseministeren vil la fleire pasientar ta legetimen på telefonen

Ein del pasienttimar kan like gjerne takast på telefon eller video, viser erfaringa til sjukehusa under pandemien. Dermed kan ein spare tid og lang reiseveg.
innenriks

– Vi var i ein situasjon før pandemien der mange tenkte at det ville ta tid å få opp dette talet, men så kom pandemien, og i april kom det opp til 40 prosent enkelte stader innan spesialisthelsetenesta, seier helseminister Bent Høie (H).

Før pandemien var det 5 prosent digitale konsultasjonar med sjukehusa, altså timar på telefon eller video. Erfaring viste likevel at langt fleire digitale timar kunne gjennomførast med dagens utstyr og teknologi. Derfor seier helseministeren at det no framover skal gjennomførast minst 15 prosent digitale konsultasjonar med pasientar.

Det seier han i sjukehustalen for 2021, som blir presentert torsdag. Her kjem helseministeren med forventningane og krava sine til sjukehusa for året som kjem.

Lang reise

Bent Høie understreka at det ikkje er eit mål at flest mogleg av konsultasjonane skal gjennomførast på den måten. Tanken er å ta vare på dei positive erfaringane og ikkje la gamle arbeidsmønster skli tilbake når pandemien er over.

– Det skal opplevast som anten like godt eller betre på denne måten for pasientane, legen og sjukepleiaren. I tillegg kan mange spare mykje tid, ikkje minst pasientar med lang reiseveg, seier han og meiner at pasientar dermed kan få ein enklare kvardag.

Det gjeld til dømes kronisk sjuke som ofte er i kontakt med helsetenesta.

– Det kan vere ei belasting til dømes med reisa for å snakke med ein lege og sjukepleiar når dei eigentleg kunne snakka like greitt over video eller telefon, seier han.

Ung helse

– Også når det gjeld ein del unge og psykisk helse, så har det vore enklare å møte ein vaksen på den måten enn å sitje inne på eit klamt kontor, fortelje helseministeren.

Fleire helseregionar fortel om stor nytte i at både fastlege, helsesjukepleiar og andre kan vere med i møte saman med spesialisthelsetenesta.

Den årlege sjukehustalen til helseministeren er til styra i sjukehusa, leiinga og dei tilsette.

(©NPK)