Hovudtillitsvalt peikar på graverande feil ved feriepengeutbetalingar til HV-soldatar

Rundt 7.900 HV-soldatar har fått utbetalt feriepengar som går heilt tilbake til 2005, men hovudtillitsvalt meiner det er gjort graverande feil i utrekningane.
innenriks

– Så langt har eg fått beskjed om 30 graverande saker, seier Aleksander Gudmundseth, hovudtillitsvalt for HVs innsatsstyrkar, til Nationen.

Tilbakemeldingane går mellom anna ut på at fleire har fått 30 prosent lågare utbetalingar av berekna beløp, medan andre har fått berre nokre hundrelappar i feriepengar for eit år innsats. Gudmundseth meiner òg at fleire av lønnsslippane viser at det er uvisse om utrekningane er gjort av brutto eller netto inntekter.

Han meiner det er nødvendig for Forsvaret å gjere reknestykka om igjen, og ytterlegare dokumentere tenestegjerande dagar for den enkelte soldaten.

Forsvaret på si side opplyser at dei berre har fått éin førespurnad om feriepengane hittil.

Bakgrunnen for saka er at regjeringa først utbetalte feriepengar til personell i Heimevernets innsatsstyrkar for tre år tilbake i tid sidan eldre krav vart sett på som forelda.

Ein samla stortingsopposisjon gjekk i fjor haust ut med ei oppmoding om at soldatane òg skulle få feriepengar for alle åra dei har tenestegjort, uavhengig av at pengekrava er forelda.

Forsvarsdepartementet har anslått at ei utbetaling av feriepengar til alle som kunne ha krav på det, ville utgjere 110 millionar kroner.

(©NPK)