Karantenebrot på lensmannskontor endar i retten

Ein mann skal ha besøkt eit lensmannskontor på Sørlandet sjølv om han var i karantene. Mannen nekta å godta førelegget, og dermed kjem saka opp i retten.
innenriks

Ifølgje førelegget oppsøkte mannen Evje og Hornnes lensmannskontor tre dagar etter at han returnerte frå Sverige.

På kontoret skal han ha snakka med ein politibetjent i omtrent 15 minutt utan å informere om Sverige-turen og karantenen.

Hendinga skal ha skjedd 22. mai då turar til og frå Sverige medførte innreisekarantene, noko som framleis er tilfelle for alle svenske regionar.

Mannen vart pålagd eit førelegg på 20.000 kroner som han har nekta å godta. Saka kjem opp for Kristiansand tingrett 10. februar.

(©NPK)